Spandabel under oppsyn

Han bur saman med hundrevis av andre og deler på maten han fangar. Ei streng mor passar på og beskyttar han mot fiendar. Jaktedderkoppen Delena cancerides er noko utanom det vanlege.

Nærbilde av en jaktedderkopp.
Ein jaktedderkopp. Foto: Shutterstock

Dei fleste edderkoppar er einstøingar. Dei lever åleine, spinn sine eigne nett og gaflar i seg maten i fred og ro. Jaktedderkoppen Delena cancerides er derimot både sosial og spandabel.

Streng mor

Under borken på eit tre kan han leve trygt saman med hundrevis av andre edderkoppar. Ei streng mor passar dessutan godt på. Ho vernar både mot hissige maur og fiendtlege edderkoppar. Maten deler edderkoppen høfleg med dei langbeinte vennene sine.

For godt til å vere sant? Amerikanske forskarar fann svaret.

Gjennomsiktig plast

Forskarane frå Cornell University i New York leita seg fram til eit tre med livleg aktivitet under borken. Dei erstatta små borkebitar med gjennomsiktig plast, og plutseleg hadde dei eit lite vindauge dei kunne kikke gjennom. Dei kunne i ro og mak spionere på over 300 myldrande edderkoppar.

Klistra til stammen

Dag og natt i 68 dagar sat forskarane som klistra til stammen. Edderkoppane delte på både husrom og mat. Og når mørket fall på, sprang dei lett  av garde på dei åtte føtene ut på jakt. Då kom nye sider ved åttefotingen til syne.

Meir ego åleine

I nattas mulm og mørke tenkte han mest på seg sjølv. Med ferske godsaker mellom føtene blei freistinga som oftast for stor. Byttet gafla han i seg på eiga hand og kom tomhendt tilbake til kolonien.

Av og til blei han overraska av dagslys eller av rovdyr. Då skunda han seg heim og serverte gladeleg resten av byttet til edderkoppvennene sine. Forskarane konkluderte med at jaktedderkoppen berre var spandabel når resten av kompisane såg på.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. desember 2024, kl. 17.15 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.