Pingvinar utan smak

Pingvinar et fisk til frukost, lunsj og middag. Skal dei kose seg litt ekstra, er det også fisk som står på menyen. Pingvinar elskar fisk, men dei kan faktisk ikkje kjenne smaken.

Nærbilde av en pingvin.
Pingviner kjenner ikke smaken på maten de spiser! Foto: Shutterstock.

Amerikanske forskarar har funne ut at pingvin-tunga berre kan skilje mellom mat som smakar salt og surt. Den herlege smaken av fiskekjøtt klarer dei ikkje å kjenne att.

Arbeider i høggir

Den lange, ruglete pingvin-tunga er dekt av mange tusen små knuppar. Dette er smakslaukar. Når ein pingvin gomlar på ein fiskegodbit, arbeider laukane på høggir. Dei finn ut kva maten smakar, og gir hjernen beskjed. Fiskekjøttet er proppfullt av smaksstoffet umami, som har ein buljongaktig kjøtsmak. Forskarar har no funne ut at pingvinane manglar genet for å smake dette. Dei har berre evna til å kjenne att mat som smakar surt eller salt.

Sluker fisken heil

Men kanskje er ikkje smaken så viktig for pingvinane når alt kjem til alt. Dei er som regel svoltne, og fiskane sluker dei heile utan å tygge. Før tunga får starta på jobben sin, er fisken allereie på plass i magen.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 05.22 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.