Hjernen blir vaska medan du søv

Forskarar har funne ut at hjernen har ein vaskemaskin-mekanisme som blir skrudd på når du sovnar. Vaskinga held på til du vaknar igjen.

En gutt ligger og sover med en kosebamse inntil seg.
Medan du søv, arbeider hjernen med å reingjere seg sjølv. Foto: Colourbox

Gjennom dagen hopar det seg opp avfallsstoff og overflødig væske i hjernen din. Tidlegare har norske hjerneforskarar funne ut at desse avfallsstoffa blir skylde ut saman med overflødig væske gjennom vasskanalar i hjernen. Ei amerikansk forskargruppe har etterpå funne ut at denne vaskinga startar i det du sovnar og blir skrudd av igjen når du vaknar. Dette kan forklare kvifor søvn er så viktig for oss og andre pattedyr.

Gliacellene ryddar opp

I hjernen jobbar det ulike typar celler som blir kalla nerveceller og gliaceller. Forskarar veit mest om nervecellene – dei snakkar med kvarandre gjennom elektriske signal, og dei er difor lettare å forske på. Lenge trudde ein at gliacellene berre var nervecellene sine tause assistentar, sjølv om dei er ti gonger så mange. No veit vi at gliacellene har oppgåver, og at dei også snakkar med kvarandre – dei snakkar berre eit anna språk enn nervecellene. Og det er nettopp gliacellene som gjer hjernevaskinga mogeleg.

Dei små gliacellene legg seg i ei hylse rundt blodårene i hjernen. Cellene er fulle av små vasskanalar, og desse kanalane fungerer som reingjeringssystem i hjernen. Når du sovnar, set hjernen i gang med å pumpe ein straum av overflødig væske gjennom desse kanalane. Samtidig blir avfallsstoff skylt ut. Dersom vi ikkje søv nok, blir kanskje ikkje hjernen vår gjort skikkeleg rein. 

Medisin mot «tette avløp»?

Eit stoff som blir skylt ut, er det giftige proteinet beta-amyloid. Menneske med hjernesjukdommen Alzheimers har for mykje av dette proteinet i hjernen. Forskarane håper difor at oppdaginga kan føre til medisinar mot sjukdommen. Dersom hjernen har eit avløpssystem som skyl ut avfallsstoff, kan dei kanskje lage ein medisin mot tette avløp?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. november 2024, kl. 22.24 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.