Bør du lukke dolokket før du trekkjer ned?

Jepp. Blant anna for å verne tannbørsten din!

Tegning av do med masse små dråper rundt

Kvar gong vi dreg i snora etter at vi har vore på do, sprutar det ørsmå dropar rett opp i lufta. Desse dropane kan blant anna innehalde bakteriar og virus frå tiss og bæsj. Og dropane kan sveve ganske langt!

Tok ein sjekk

For nokre år sidan la forskarane Barker og Jones nokre ufarlege bakteriar oppi do. Dei ville sjekke kor langt dropar med bakteriar kan flyge når vi trekkjer ned.

Dei fann ut at dropane faktisk kan sveve rundt i lufta i fleire timar, og at dei kan hamne så langt unna som seks meter frå doen! Det er kanskje heile vegen bort til tannbørsten din?

Omgangssjuke

Heldigvis toler kroppen vår ganske godt å få i seg bakteriar. Men viss den som har vore på do, har omgangssjuke, kan dropane smitte andre som bruker det same rommet.

Likevel har dette problemet ei enkel løysing, seier forskarane. Viss du lukkar dolokket før du skyl ned, er det nemleg veldig mange færre bakteriar som hamnar rundt omkring på badet.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. desember 2024, kl. 21.03 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.