Fly med flaggermusvenger

Kan du sjå for deg eit fly med flaksande venger? Det kan i alle fall svenske forskarar, som no let seg inspirere av flaggermusa sine flygekunstar.

flaggermus (Ingressbilde)

Det er ikkje berre Ole Brumm som let seg freiste av honning. Då svenske forskarar skulle studere korleis flaggermus flyg, lokka dei nokre eksemplar inn i ein vindtunnel. Som lokkemiddel brukte dei rennande honningvatn.

Korleis flyg ei flaggermus?

Vindtunnelen var fylt med tåke og vind, og det blei "fyrt av" korte glimt med infraraudt lys som flaggermusa ikkje kunne sjå. Glimta blei filma, og vengeslaga til flaggermusa laga då kvervlar i tåka. Forskarane kunne dermed sjå korleis flaggermusene klarer å flyge.

Ser med øyra

Medan fuglar har stive venger og kan gli på desse, må flaggermus bevege vengene heile tida for å halde seg oppe i lufta. Flaggermusene ser ikkje med auga slik som vi menneske. Når vengene slår, blir det sendt ut små lydsignal - såkalla sonarskrik. Når desse treffer noko og blir sende tilbake, dannar flaggermusa seg bilete av korleis landskapet er.

Flagger-fly?

Forskarane jobbar med å lage eit fjernstyrt mikrofly som skal kunne flyge utan mannskap, gjerne på ein visitt i fiendeland. Forskarane let seg inspirere av flaggermusa. Målet er å lage fly som har flaggermusa si evne til å skifte kurs raskt og manøvrere seg fram tronge stader. Ser du for deg eit fly med flaksande venger?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-08