Robotar invaderer mars

Sommaren 2003 kom Mars og jorda nærmare kvarandre enn dei hadde vore på 60 000 år. Den sjansen kunne ikkje forskarane la gå frå seg.

Satelitt/NYSGJERRIGPER/0403/Ikke bruk uten etter avtale med Nysgjerrigper

Med ein avstand på “berre” 55 millionar kilometer ville det gå raskare enn normalt å fly frå planeten vår til Mars. Det var ein viktig grunn til at romsonden Mars Express vart send av garde 22. juli i år av den europeiske romorganisasjonen ESA.

Fakta 

Dei fleste romsondane som er sende til Mars, nådde aldri målet, og Mars Express har alt hatt tekniske problem undervegs. Det er komplisert å reise så langt, og dei mange mislykka romferdene er eit argument mot å sende menneske til planeten.

Mars Express er ein billig romsonde, med ein prislapp på rundt 500 millionar kroner. Viss du synest dette høyrest veldig dyrt ut for ein robot, så hugs at mesteparten av romsonden består av kostbare, spesialbygde instrument. Og det normale er at ein romsonde kostar det tidobbelte!

Sist det vart teke prøvar av jordsmonnet på Mars, var i 1976. Då landa dei to amerikanske Viking-sondane på overflata og spadde opp prøvar som vart testa for å finne ut om noko levde i dei. Sjølv om det såg lovande ut til å begynne med, klarte ikkje forskarane å bevise at det fanst noka form for liv.

Satellitt og romsonde

Mars Express består eigentleg av to romfartøy. Det eine er ein satellitt som skal gå i bane rundt Mars i minst eitt Mars-år (som varer i 687 dagar), og det andre er ein sonde som skal lande mjukt på overflata til Mars første juledag i år. Landinga skjer ved hjelp av svære ballongar som tek av for støyten når sonden treffer bakken. Han kjem truleg til å sprette høgt til vers fleire gonger før han slår seg til ro og faldar ut solcellepanela sine.

Mange instrument

Satellitten er utstyrt med sju ulike instrument, blant anna to kamera som kan ta svært skarpe bilete av overflata. Det er spesielt to ting som skil Mars Express-satellitten frå dei mange andre som har gått rundt planeten tidlegare: Satellitten inneheld måleinstrument som skal lage det første kartet over mineral og bergartar på den raude planeten. I tillegg er han utstyrt med ei 40 meter lang radarantenne. Antenna kan oppdage vatn opptil to kilometer under bakken.

Landingsfartøyet

Landingsfartøyet heiter Beagle II, og er oppkalla etter skipet som den berømte biologen Charles Darwin reiste med på 1830-talet. På denne ferda gjorde Darwin mange av observasjonane han brukte då han skreiv si berømte bok om utviklingslæra. Namnevalet er ikkje tilfeldig, for om det finst liv på Mars, har det utvikla seg etter dei same naturlovene som livet på jorda. Utviklingslæra gjeld overalt i universet. Mars/NYSGJERRIGPER/0403/Ikke bruk uten etter avtale med Nysgjerrigper

Robotar

Beagle II-sonden har to kamera som kan fotografere omgivnadene, og eit mikroskop plassert på ein robot-arm. I tillegg er han utstyrt med eit bor som kan ta kjerneprøvar av stein, og ein “moldvarp-robot”. Dette er ein fjernstyrt minirobot som kan grave seg ned i bakken og kome til under steinar.

Prøvane frå boret og moldvarpen skal analyserast i eit mini-laboratorium som har tolv små omnar og utstyr som måler nøyaktig kva slags atom dei inneheld. Dermed kan ein finne ut kor gamle steinane på Mars er, og om dei inneheld stoff som blir laga av levande vesen.

I godt selskap

Mars Express kjem ikkje til å vere åleine på Mars. Satellitten Global Surveyor har krinsa rundt planeten og teke gode bilete i seks år, og i sommar vart to nye amerikanske romskip skotne opp. Det dreier seg om to robot-bilar som skal kjøre rundt på overflata, ta bilete og gjere målingar frå januar til mars neste år. Reknar vi med den japanske romsonden som også er undervegs, er til saman seks romfartøy aktive ved Mars i 2004. Ikkje rart at ein snakkar om ein “invasjon frå jorda”!

Les meir om Mars Express på romsenter.no. Du kan også lese meir om astronomi på "Verdensrommet” under nysgjerrigper.no og på astronomi.no.

Publisert i Nysgjerrigper nr 4/03