Kvar kjem vinden frå?

Vind er luft i rørsle. Ujamt terreng, som fjell og dalar, gjer at lufta flytter på seg. Ein annan grunn til at vi får vind, er oppvarming frå sola.

Dette heiter vinden – og slik kjennest han:

Flau vind: Du kan sjå vindretninga av kva veg røyken driv, men ikkje føle vinden.

Lett bris: Lauv og småkvister rører seg. Vinden strekkjer på lette flagg og vimplar.

Liten kuling: Store greiner og mindre stammar rører seg, det kvin i telefontrådane, det er vanskeleg å bruke paraply, og du merkar motstand når du går.

Liten storm: Heile store tre svaiar og hiv på seg. Takstein kan blåse ned.

Orkan: Uvanleg store øydeleggingar. Skjer heldigvis svært sjeldan.

Vind blir målt på Beauforts skala, som går frå 0 (blikkstille) til 12 (orkan). Skalaen er oppkalla etter Sir Francis Beaufort, som var britisk admiral. I 1806 laga han skalaen for at seglarar kunne måle og vurdere vindforholda før dei la til sjøs.

Kald luft er tyngre enn varm luft. Den kalde lufta legg seg derfor nærmast bakken, eller dei lågaste stadene i terrenget. Samtidig strøymer ny luft til der den kalde lufta flytte seg frå. Dette merkar vi som vind, og det er særleg om vinteren vind oppstår på denne måten.

Ein annan grunn til at vi får vind, er oppvarming frå sola. Tenk deg ein herleg, varm sommardag med skinande sol. Utover dagen varmar sola meir og meir, og bakken blir òg stadig varmare. Lufta lengst nede mot bakken blir veldig varm, og begynner å stige. Lufta stig fordi ho blir lettare dess varmare ho blir. Derfor blir også lufttrykket lågare. Det området lufta stig frå, blir fylt med anna luft. Lufta er igjen i rørsle, og vi har vind. Denne vinden, som sola står bak, er danna av trykkraft.

skyer, noe blå himmelI Noreg er det mykje vind langs heile kysten av Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Mest vind er det ved Fruholmen fyr på Finnmarkskysten. Her er det liten kuling eller meir vind heile 257 dagar i året.

Du kan lese meir om forskning på vind her.

Publisert i Nysgjerrigper nr 1/04