Fluge angrip edderkopp

Edderkoppen er ein farleg fiende for dei fleste insekt, men i Mexico finst det ei fluge som får edderkoppane til å «skjelve i buksene».

edderkoppspinn, spindelvev, edderkoppnett, edderkoppsilke

Sjølv om dei aller fleste edderkoppar er einstøingar, finst det nokre artar som lever i flokk. Desse spinn netta sine tett inntil kvarandre, og er ein riktig (u)uheldig, kan ein snuble over mange tusen stykke.

Slu fluge

Likevel finst det altså ei fluge som ikkje let seg skremme. Utan den minste frykt stuper ho inn blant spindelveva. Der prøver ho å leggje ungane sine på ein av eggkokongane til edderkoppane. Viss flugelarven klarer å gnage hol og krype innanfor, kan han nemleg bu trygt i kokongen heilt til han blir vaksen fluge. Edderkoppegga bruker larven som mat. Ikkje rart at edderkoppmamma engstar seg når ho høyrer vengesurr!

Edderkoppane gjer alt dei kan for å verne egga sine, men fluga er temmeleg slu. Ho let som ho sit fast i spinnet, for å lokke edderkoppen vekk frå kokongen. Så suser ho rundt og legg frå seg larven sin. Lett er det likevel ikkje: Viss edderkoppen høyrer det minste teikn til flugesurr, går heile edderkoppflokken i spinn.

Publisert i Nysgjerrigper nr 2/03