Eld og maur på romferja

Jamvel dei vanlegaste ting oppfører seg heilt merkverdig utan tyngdekraft. Derfor plar astronautane dra med seg temmeleg mykje rart opp i romferjene. Noko dei synest er ekstra spennande, er ganske vanleg eld.

SvimleMaur

Oppe i rommet blir flammane omskapte frå klare dropeforma lys til nesten usynlege blå ballar som avslører mykje om mysteria bak elden.

Romferja Columbia hadde både roser og maur i lasta. Astronautane hadde fått i oppdrag å undersøkje kvifor blomar duftar annleis ute i rommet, og om maur i bane er for svimle til å grave tunnelar.

Kvar gong ei romferje freser ut frå jorda, er lasterommet fullt av merkelege eksperiment som forskarar frå heile verda har laga. Mens romferja er i verdsrommet, ventar mange forskarar spent på resultata. Du kan tenkje deg kor mange som gledde seg til Columbia skulle lande den 1. februar i år, – og korleis folk over heile verda vart forferda då dei såg romferja brenne opp i atmosfæren.

Publisert i Nysgjerrigper nr 2/03