Dit peparen gror = langt uti huta-heiti

Kor langt er “langt uti huta-heiti”? Akkurat kor stor er “du store alpakka”? Og ein nysgjerrigper – kven er no det?

01. nov 1998 06:00

hund - Shetland sheep dog som spiserEn typisk Matmons!I daglegtala vår brukar vi ofte ord og uttrykk som vi kanskje ikkje veit helt kor kjem frå. For å komme langt uti huta-heiti, må vi til dømes på den andre sida av jorda, til Tahiti. Uttrykket kom til Noreg i førre hundreåret og sto alt då for noko som var så langt borte ein kunne tenkje seg. Det kjem av det tahitiske namnet på øya Tahiti, som er Otaheiti. Det kan likne på uttrykksmåtar som “Dra dit peparen gror” og “Dra til Bloksberg”. Blocksberg er namnet på eit fjell i Tyskland, som etter folketrua var møtestad for hekser. Kongens sommarbustad på Hankø i Østfold heiter òg Bloksberg.

Du store alpakka

“Du store alpakka”, kor stor og kva er det? Alpakka er ein dverglama frå Perú. Ein lama er i dette tilfellet eit søramerikansk kameldyr utan pukkel. Lama kan òg vere ein buddhistisk munk, men har ikkje noko med dette å gjere. Vi seier “du store alpakka” når vi blir overraska eller forferda. Det var eit uttrykk lektor Tørrdal brukte mykje i bøkene, filmane og høyrespela om Stompa som kom på norsk frå slutten av 1950-åra, og vi reknar med at det er opphavet.

Per, Mons, Lars og Jens

“Nysgjerrigper” er ein person som er ivrig etter å få vite nytt. Gjerrig kjem frå tysk “gierig” og tyder grådig eller grisk. Det same ordet er opphavet til det norske ordet gjerrig, om ein som er gniten. Siste delen av ordet er namnet Per. Uttrykket kjem frå dansk.

På nynorsk er det vanleg å skrive nyfiken. Fiken finst i dialektane og kjem frå gammalnorsk. Det tyder å trakte etter, som vil seie om lag det same som det tyske “gierig”. Nyfiken tyder altså at ein gjerne vil vite nytt. Men på nynorsk kan det ikkje heite nyfikenper. Det må heite nysgjerrigper der òg, sidan det er eit uttrykk.

Det hender jo òg elles at personnamn er blitt del av ord. Vi kjenner til Kaffilars, som tyder kaffikjele, og Matmons, som er ein som er glad i mat. Eller du kan ha høyrt om “Pikenes Jens”.

Publisert i Nysgjerrigper 5, 1998