Bestefar i sverdet

Kan vikingane ha hatt med seg bestefar sin i eit sverd? Og kan bestefar ha vore den som gjorde sverdet betre enn andre sverd? Slik heilt på ordentleg? Ja, slik kan det ha vore.

Sverd - gammelt og nytt

I gudelæra til vikingane finst det fleire kjende sverd med eigne namn. Tyrving, Gram og Kvernbit er tre slike. Forfattaren J.R.R. Tolkien har henta mykje fantasi til bokserien Ringenes Herre frå nettopp dei gamle vikingane og deira gudetru. I bøkene hans ber heltane Aragorn og Gandalf mektige sverd.

Arkeologen Terje Gansum ved Midgardsenteret i Vestfold ville sjølv forske på korleis eit sverd kan bli sterkt, og om det verkeleg kan ha vore eit menneske eller eit dyr som gjorde eitt sverd betre enn eit anna. For å få hjelp til dette kontakta han smeden Hans-Jonny Hansen.

Stål

Går du i 5. klasse, har du kanskje alt lært om korleis jern kan bli til stål. Då veit du at ein må tilføre stoffet karbon til det mjuke jernet, og varme det opp til mange hundre grader, for å lage noko så sterkt og solid som stål. Dette er ei av dei viktigaste oppdagingane vi menneske har gjort.

På vikingars vis

For mange vikingar var prosessen eit mysterium, og det var smedane deira som kjende løyndommen. Dei visste nemleg at stoffet som kan gjere jernet sterkt (karbon), finst i trekol og i bein frå dyr – og menneske.

For å finne ut meir om korleis jern kan bli til stål, bad arkeologen Terje smeden Hans-Jonny om hjelp. Ingen hadde gjort dette på mange hundre år, så her måtte dei eksperimentere. Saman tok dei bein frå ein død okse, knuste dei, og brende det til beinkol. Dette blanda dei deretter med trekol og mjukt jern, og så brende dei blandinga ved 900 grader i ein omn. Då laga dei stål!

Kraft i sverdet

Slik trur arkeologen at vikingane kan ha teke med seg forfedrane sine – eller kanskje eit dyr, som ein sterk bjørn – inn i sverdet. Terje er ikkje sikker på at det var slik det føregjekk. Men han trur at vikingsmedane kan ha gjort det slik, og at det var derfor vikingane trudde at nokre sverd hadde ei eiga kraft i seg.

Supersverd

Heilt sikkert er det at vikingsmeden – med hjelp frå beina til eit menneske eller eit dyr – kunne gjere eit sverd både hardare, lettare og betre å slåst med enn dei fleste andre sverd. Terje trur at berre nokre få av sverda vikingsmedane laga, var slike supersverd.

Vil du vite meir om det Terje og Hans-Jonny gjorde, kan du leite fram artikkelen ”Sverdets kraft” på nettstaden forskning.no. Prøv søkeordet ”sverd”, så finn du artikkelen.

Til læraren: Frå Midgardsenteret i Vestfold kan du bestille eit eige hefte (50 kr) og ei eventyrforteljing med meir om dette. Senteret har òg eigne opplegg for skuleklassar og tek gjerne imot besøk. Tlf: 33 07 18 50. Internett: Midgardsenteret.

Publisert i Nysgjerrigper nr 2/03