Fann den første kjente kjempedinosauren

Kven labba rundt på fire digre bein for 208 millionar år sidan og vart nyleg funnen i Argentina? Svar: Ingentia prima.

Ingentia prima (Medium caseimage)

Gøymt i bakken fann forskarane fossilet av ein dinosaur som har vore ti meter lang og nesten ti tonn tung. Det er nesten dobbelt så mykje som dei største elefantane. Men det mest utrulege med denne dinosauren er ikkje at han er stor, det er alderen på fossilet.

Stor overrasking

Denne dinosauren levde for rundt 208 millionar år sidan. Eit så gammalt fossil av ein kjempedinosaur har aldri vorte funne før. Fram til no har forskarane derfor trudd at dei store dinosaurane ikkje utvikla seg før fleire millionar år seinare. Dinosauren har dermed fått namnet Ingentia prima, som betyr "den første kjempa".

Les meir: Temaside om dinosaurar. 

Fredeleg planteetar

Ingentia prima gjekk på fire bein og hadde lang hals og hale. Sjølv om han var stor, var han ikkje farleg. Han var nemleg planteetar. Ingentia prima høyrer til ei gruppe dinosaurar som blir kalla sauropodar. Blant sauropodane finn du dei største dinosaurane som nokon gong har levd. Men mens Ingentia prima levde i tidsperioden trias, dukka dei verkeleg store sauropodane opp først 50-100 millionar år seinare, i tidsperiodane jura og krit. Den aller største sauropoden har fått namnet Patagotitan. Han skal ha vore 70 tonn tung og 37 meter lang!

Nye oppdagingar

At Ingentia prima faktisk var den første kjempedinosauren, er ikkje heilt sikkert. Forskarane trur nemleg at det har vore mange fleire dinosaur-artar enn dei vi har funne til no. Dermed kan det dukke opp fleire spennande dinosaurar i åra framover.  

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-2018 

Leseoppgaver

Til denne artikkelen finnes det undervisningsopplegg med leseoppgaver. Gå til Lesekroken: Finn informasjonen som ikkje står i teksten.