Kattens historie: Pus temde seg sjølv

To katteartar har gitt opphav til tamkatten vi kjenner i dag. Forskarar har funne ut at huskatten knapt har forandra seg etter at han kom innfor dørene våre.

Villkatt (Medium caseimage)

Alle som kjenner ein katt, veit at Pus har sin eigen vilje. Ho gjer ingenting på kommando med mindre ho vil det sjølv. No har forskarar funne ut at huskatten nesten ikkje har forandra seg i det heile etter at han slo seg saman med folk. Og det tok tusenvis av år før han blei tam. 

Arvestoff gjennom 9000 år

Forskarar har granska arvestoff frå over 200 kattar gjennom 9000 år - både romerske kattar, egyptiske kattemumiar og moderne afrikanske villkattar. Dei har funne ut at det er to ulike katteartar som har gitt opphav til tamkatten vi kjenner i dag.

Frå Søraust-Asia og Afrika

Kattar kom vandrande frå Søraust-Asia og begynte å henge rundt busetjingane til menneske i Midtausten for om lag 8000 år sidan. Der jakta dei på mus og rotter i kornlagera. Denne katten kom til Europa rundt 4400 f.Kr. Ein annan art, ein afrikansk kattetype som heldt til i Egypt, spreidde seg til middelhavsområdet og Europa rundt 1500 f.Kr. Han var truleg litt tammare og meir sosial. Det ser ut til at oldtidsmenneske tok med seg kattar langs handelsrutene til sjøs og til lands for å halde smågnagarane i sjakk.

Framleis eit villdyr

I heile denne tida har huskattens arvestoff forandra seg lite, med unntak av at han har fått brandete pels. Det brandete mønsteret, som er typisk for huskatten vår i dag, dukka først opp i det osmanske riket i mellomalderen og spreidde seg etter kvart til Europa og Afrika.

Elles er tamkattar og villkattar framleis veldig like av utsjånad. Det viktigaste som endra seg då huskatten blei tam, var at han blei sosial. Villkattar lever einsleg, mens huskatten toler selskap av både menneske og andre kattar. Likevel er han på mange måtar framleis eit villdyr. Han er veldig uavhengig, dreg ut på jakt og gjer stort sett som han vil. Men han liker også å kome inn i varmen og finne seg ein mjuk, varm stad der han kan sove.  Kanskje det er dette som har gjort at katten omsider bestemte seg for å hoppe opp i fanget på oss - der han attpå til gjerne får litt kos og klapp? 

Ulik hundens utvikling

Kattens historie er heilt forskjellig frå hundens. Hundar stammar frå ulven, som er eit flokkdyr. Folk begynte tidleg å avle fram spesielle trekk hos hundar for at dei skulle utføre forskjellige oppgåver. Det er derfor vi har fått så mange og heilt ulike hunderasar i dag. Katteelskarar vil sjølvsagt påstå at det aldri har vore nødvendig å avle på katten for å forandre han - han er prrrrfekt som han er!

Også publisert i Nysgjerrigper-magasinet nr. 2-2018 

(FOTO: SHUTTERSTOCK) 

Lesekroken-oppgåver 

Til denne artikkelen finst det leseoppgåver. Gå til Lesekroken: Få ei betre forståing av ordet ''tam''