Liker ikkje urettferd

Dyr skjønar når dei blir urettferdig behandla.

Nærbilde av en apekatt
Aper liker ikke forskjellsbehandling. Foto: Shutterstock

Vi menneske er veldig opptekne av rettferd. Vi lever saman i grupper som må hjelpe kvarandre og samarbeide. Då er det viktig at vi føler at alle blir behandla rettferdig. Vi liker ikkje folk som gjer urettferd. 

Apen kasta agurkbiten på forskaren i protest

Men visste du at mange dyr har det på same måte? Dyr som apar, kråkefuglar, hundar og rotter vil ikkje ha noko med urettferd og juks å gjere. I eit forsøk fekk apar myntar som dei kunne byte til seg godbitar med. Men viss den eine stadig fekk ein agurkbit (som apane ikkje liker) og den andre ei drue (som apane elskar), kasta apen agurkbiten på forskaren i protest. 

Ikkje med på leiken

Og når den eine måtte «jobbe» for å få godbiten, mens den andre fekk godbit utan å gjere noko, gadd ikkje førstemann å vere med på leiken lenger. Ramnar og kornkråker var med på det same eksperiment med ostebitar (som dei elskar) og druer (som dei ikkje er så glade i). Den som blei snytt, slutta å delta i forsøket og gadd ikkje meir.

Dette viser at for både folk og dyr som lever i grupper, er det viktig å kunne stole på kvarandre og sørgje for at alle blir behandla likt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 11:05 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.