Eksperimentverkstedet: Lag kompost i ei flaske
Nedbrytarar lever av døde organismer, og i dette forsøket kan du studere dei i aksjon

Alt og alle som lever i naturen, er avhengige av kvarandre. Å forske på korleis alt heng saman, blir kalla økologi.
Økologar kallar plantar og algar for produsentar fordi dei utfører fotosyntesen. Oss menneske og mange andre dyr kallar økologane for konsumentar, fordi vi bruker energien plantane og algane har fanga.
Men det finst også ei tredje gruppe. Dei blir kalla nedbrytarar fordi dei lever av døde organismar. Energien i det som er dødt, blir altså òg brukt.
Lag kompost: Nordmenn kastar mykje mat kvart år. Å lage jord av matsøppel er ein fin måte å bruke skrell, skall og andre restar på.
Foto: Shutterstock
Slik kan du studere nedbrytarar viss du lagar kompost i ei flaske:
Du treng:
- ei 1,5-liters brusflaske
- planteavfall
- kniv
- skjerefjøl
- teip
Slik gjer du:
1. Viss det er ein etikett på flaska, legg flaska i vatn slik at etiketten losnar.
2. Få hjelp frå ein vaksen til å skjere flaska i to cirka 1 cm nedanfor der flaska skrår innover.
3. Fyll botnen med hushaldningsavfall (frukt- og grønnsaker, skrell, osv.). Det kan også vere planterestar du finn utandørs.
4. Set på toppen av flaska ved hjelp av teip slik at flaska blir tett. Skru på korken. Teip på toppen av flaska igjen, slik at den blir tett. Følg med på kva som skjer dei neste månadene. Noter ned det du observerer, og ta gjerne bilde undervegs.
Last ned oppskrift med teikningane (pdf).
Forsk meir
Kva skjer viss den nedste delen av flaska inneheld jord og mark? Går nedbrytinga raskare viss du stikk små hol i sidene av flaska slik at det kjem luft til? Blir ein type organisk avfall broten ned raskare enn andre typar?
Les meir om kompost: 100 000 elefanter i søpla hver år.
Relaterte artikler
- Planter kan bedøves (30.08.2019)
- Verdens første apekloninger (06.08.2019)
- Lure fuglar spreier skogbrann med vilje (21.05.2019)
- Eksperimentplakater (20.05.2019)
- Hvorfor fryser ikke trærne i hjel om vinteren? (21.02.2019)
- Brunbjørnen passer ungene sine lenger (28.01.2019)
- Fann den første kjente kjempedinosauren (27.11.2018)
- Har sjimpanser eller mennesker de skitneste sengen ... (19.11.2018)
- Forkjølelsesvirus - hvor kommer det fra? (13.11.2018)
- Lag badebomber (13.11.2018)
- Eksperimentverkstedet fra Nysgjerrigper-magasinet (13.11.2018)
- Mygg husker farlige folk (12.11.2018)
- Hva skjer når et dyr i naturen dør? (12.11.2018)
- Den mystiske ålen (08.11.2018)
- Mammatre tar seg av ungane sine (07.11.2018)
- Får hakkespetter hjernerystelse? (23.10.2018)
- På jakt etter hoggorm (19.09.2018)
- Fossile oppdagelser (17.09.2018)
- Mestere i forvandling (17.09.2018)
- Er humlemordaren funnen? (13.09.2018)
- Flere relaterte artikler