Gullfisken gjer vatn til sprit

Gullfisken og den nære slektningen karussen kan gjere vatnet dei svømmer i, til alkohol. Det viser seg at ved å ha litt alkohol i kroppen, klarer dei å overleve her oppe i det kalde nord.

Nærbilde av en gullfisk
Gullfisken kan gjere vatn til alkohol. Foto: Shutterstock

Gullfisken og karussen held gjerne til i små tjørner og dammar som frys til om vinteren. Dette skaper eit problem, for isen oppå vatnet hindrar at vatnet kan hente oksygen frå lufta. Til slutt blir det tomt for oksygen. Då må fisken greie seg utan, og det byggjer seg opp mjølkesyre i kroppen som gjer musklane stive og støle – akkurat som når vi trenar veldig hardt og ikkje greier å puste inn nok oksygen. For å kvitte seg med mjølkesyra omdannar fisken henne til alkohol som så siv ut i vatnet gjennom gjellene. Alkoholen dei har i blodet, verkar også som frostvæske og hindrar at fisken frys til is.

Første gong funne i virveldyr

Det er eit spesielt stoff i kroppen – eit såkalla enzym – som omdannar mjølkesyra til alkohol. Det er første gongen at dette stoffet er funne hos eit virveldyr. Elles finst det hos ølgjær, som lagar alkoholen i øl.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2024, kl. 21:21 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.