Elefantungar treng bestemor
Er du glad i bestemor di? Det er elefantungar også!

Hoa er sjefen
I elefantflokken er det alltid ei gammal ho som er sjef. Ho blir kalla matriarken. Ho er mor, syster, tante og bestemor til dei andre i flokken. Ho er den som veit kvar flokken kan finne noko å ete, kvar dei kan finne vatn, og kvar det er trygt å ferdast.
Større sjanse for å overleve
Forskarar har funne ut at elefantungar som lever i same område som bestemor si, har åtte gonger større sjanse for å overleve enn dei som ikkje har bestemor i nærleiken. Dei fann også ut at dess fleire ungar bestemor sjølv har fått, dess betre sjansar har barnebarna hennar for å overleve. Dette er veldig viktig å vite når vi skal passe på at elefantar overlever og har det bra. Det er viktig at dei får ha bestemor i nærleiken - ikkje minst i dyrehagar, der mange elefantungar ikkje overlever.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-2018.
(FOTO: SHUTTERSTOCK)
Relaterte artikler
- Ikke jag bort edderkoppene i hagen: Lille Petter r ... (14.04.2018)
- Se påfugledderkoppen danse for livet (13.04.2018)
- Gullfisken gjer vatn til sprit (06.04.2018)
- Smukk med sminke (09.03.2018)
- Kil ei rotte og hør den le! (28.02.2018)
- Oppdaget mygg i en av verdens dypeste grotter (06.02.2018)
- Biller med etsende promp! (29.01.2018)
- Hvorfor spiser sjøfuglene plast? (23.01.2018)
- - Lær så mye dere kan om klimaet (19.01.2018)
- Lag kompost i ei flaske (18.01.2018)
- Fann spor etter krafsekamp hos dinosaurar (15.01.2018)
- Sjøgresset gjør en viktig jobb for klimaet (12.01.2018)
- Visste du at? (19.12.2017)
- Hvorfor fryser ikke pingviner på beina? (18.12.2017)
- Møt en forsker: Audun Rikardsen (14.12.2017)
- En hund etter reggae (11.12.2017)
- Julegaver til kjæledyr (07.12.2017)
- Kan erter lære? (04.12.2017)
- Møt din første forfar: Dyret uten bein, armer og r ... (01.12.2017)
- Flere relaterte artikler