Lesekroken: Finn forskinga bak artikkelen

Leit etter problemstilling, hypotesar og metode i ein artikkel om korleis ein skogforskar studerte tre som er i familie.

Lesekroken 3-18 finn forskinga (Medium caseimage)

Artikkelen "Mammatre tar seg av ungane sine" handlar om korleis tre som er i slekt, hjelper kvarandre med mat og informasjon gjennom eit sopptrådnett. Den fortel også om forskinga til skogforskaren Suzanne Simard.

Last ned artikkelen: Mammatre tar seg av ungane sine (pdf)

Last ned Lesekroken-oppgavene: Finn forskinga bak artikkelen (pdf) 

Lærarrettleiing 

Mange av artiklane i Nysgjerrigper-magasinet byggjer på konkret forsking. Dei er skrivne etter ein mal som gjer det enkelt for lesaren å skjønne kva forskarane har tenkt og gjort for å komme fram til resultata. Fyrst seier dei noko om forskingsspørsmålet, problemstillinga, og kva dei trur dei kjem til å finne, hypotesane. Vidare skriv dei om korleis dei har jobba, metoden. Så presenterer dei kva dei har funne ut, resultata, og til slutt kjem ein konklusjon. Denne strukturen kjenner vi att frå Nysgjerrigpermetoden, som er framgangsmåten dei fleste nyttar i Nysgjerrigper-konkurransen. For elevar som sjølv forskar eller skal i gang med forsking, kan det difor vere nyttig å sjå korleis ein skriv ein forskingsartikkel.

Læraren bør tilpasse ordbruken til elevane. På lengre sikt skal dei lære seg fagomgrepa, men om det er fyrste gong elevane leiter etter ei  problemstilling, kan ein gjerne omformulere og bruke ord og vendingar som er meir kjente for elevane. Det kan vere formålstenleg å introdusere fagomgrepa munnleg fyrst, så elevane blir vane med kva dei tyder. Spørsmålet på elevsida er skrive i eit kvardagsleg språk, for at alle skal kunne finne svara. 

Sentrale ord

Problemstilling – forskingsspørsmål

Hypotese – kva forskarane trur dei kjem til å finne ut

Metode – korleis forskarane undersøkjer spørsmålet sitt

Resultat – kva forskarane finn ut

Konklusjon – korleis forskarane forstår det dei fann ut, og om dei hadde trudd rett 

(Foto: Shutterstock)