Lesekroken: Få ei betre forståing av ordet ''tam''

I teksten "Pus temde seg sjølv" skal elevane leite etter språklege bilete som blir nytta for å syne korleis katten er tam. Desse kan hjelpe til å forstå kva ordet "tam" eigentleg tyder.

Lesekroken 2-18 pus temde seg sjølv (Medium caseimage)

Les ein artikkel om korleis katten har utvikla seg frå villkatt til tamkatt, og la elevane leite etter forklaringar på ordet "tam" i teksten. 

Last ned artikkelen: Pus temde seg sjølv (pdf)

Last ned Lesekroken-oppgavene: Få ei betre forståing av ordet "tam" (pdf) 

Denne utgåva av Lesekroken er laga til Nysgjerrigper nr. 2-2018 som kjem ut i mai. 

Lærarrettleiing

Ordet "tam" kan vere vanskeleg å få tak i. Er eit dyr tamt om det likar å bli klappa? Har ein temt eit dyr om ein gir det eit eigennamn? Denne artikkelen handlar om korleis katten utvikla seg frå villkatt til tamkatt, men framleis har mykje til felles med villkattar. Ulike språklege bilete blir nytta for å syne korleis katten er tam. Desse kan hjelpe til å forstå kva ordet «tam» eigentleg tyder. 

Slik kan de jobbe med dei to fyrste oppgåvene på elevarket:

1. Spør fyrst elevane kva dei tenker på når dei høyrer ordet "tam". La dei prate med læringspartnaren eit minutt eller to. Spør deretter om å få høyre tankane deira. Skriv dei opp, så alle kan sjå innspela. Her er nokre spørsmål som kan hjelpe elevane i gang.

  • Kven kan vere tam?
  • Korleis blir ein tam?
  • Er nokon dyr fødde tamme?

2. Ta opp artikkelen "Pus temde seg sjølv". Kva tyder eigentleg denne overskrifta?

  • Kva meiner ein med "temde"?
  • Kven temmer vanlegvis dyr?
  • Korleis kan nokon temme seg sjølv?

3. La elevane leite i teksten etter neste gong det står noko om å vere tam. Gi dei tipset om at det står allereie i ingressen.

  • Det står det: … huskatten knapt har forandra seg etter at han kom innfor dørene våre.

At katten kom innfor dørene våre, er eit bilete på å bli tam. Ein vill katt lever utfor dørene våre, i det fri. Dei tamme lever med menneske.

4. La elevane leite vidare etter måtar artikkelen skildrar ein tam katt, eller kva det vil seie å vere tam.

Her finn du eldre utgåver av Lesekroken.