Livet i eit fotavtrykk

Dei djupe fotspora til elefanten gir liv til mange andre dyr.

12. mai 2017 05:00

Elefant

Ein vaksen afrikansk elefant kan vege over seks tonn. Dei kan lage djupe spor. (Foto: Shutterstock) 

Afrikanske elefantar er kjempestore. Ein vaksen elefant kan vege over seks tonn. Så digre dyr lagar djupe fotspor. Spora kan bli 30 centimeter djupe.

FotavtrykkFotspora til elefanten er viktige for mange dyr.
Foto: Picturepoint.no/Shutterstock
Elefantfotspor blir ofte fylte med vatn. Då blir dei til vassdammar. Store, djupe vassdammar.

Og i desse dammane er det liv!

61 dyrearter

Ei gruppe forskarar har undersøkt 30 elefantspor i Uganda. Dei brukte ein sil til å fange smådyr i fotspora. Forskarane fanga 61 ulike dyreartar!

Fulle av insekt

Elefantfotspora var fulle av insekt. Forskarane fann biller, fluger og larver i spora. Det var både igler og rumpetroll i vatnet.

Landskap

Det var eit yrande liv i elefantspora. Foto: Picturepoint.no

Viktige spor

Forskarane trur elefantfotspora er viktige for mange dyr. For eksempel legg nokre insekt egg i desse dammane. Men viss elefantane forsvinn, blir det ingen elefantspor. Då får insekta problem. Det er endå ein god grunn til å ta godt vare på elefantane i Afrika.

Publisert i Nysgjerrigper 2-2017