Bakteriar med superkrefter

Bakteriar er akkurat slik som oss menneske: Dei liker å vere saman. Og når mange bakteriar slår seg saman, kan dei nesten få superkrefter.

10. mai 2017 05:00

illustrasjon av mange røde bakterier i en biofilm

Illustrasjonen viser bakteriar som er saman i ein biofilm. (Ill.: Shutterstock) 

Du har sikkert opplevd det: Etter at du har gnafsa deg igjennom laurdagsgodtet, begynner tennene å kjennast litt rare. Det kjennest som om framtennene har fått eit lag av seig pels! Er det restar av godteriet, tru?

Niks! Det er bakteriar. Veldig, veldig mange bakteriar. Dei lever av sukkeret i laurdagsgodtet. Og desse skapningane duppar ikkje berre rundt i munnen på måfå. I staden slår dei seg saman i store grupper. Først tusenvis, så hundre tusenvis og til slutt millionar av bakteriar. Ein slik diger gjeng av bakteriar blir kalla ein biofilm. Og når bakteriar er saman i biofilmar, blir dei tøffare.

Overlever det meste

I biofilmen blir bakteriane flinkare til å feste seg til glatte overflater, som tennene dine. Dessutan legg dei seg i mange lag over kvarandre, slik at dei inste bakteriane er godt beskytta. Dei kan overleve det meste – også bakteriedrepande skyljemiddel. Og det er dumt. For bakteriane lagar hol i tennene. Jammen godt at du kan pusse biofilmen vekk med ein tannbørste!

Men det er ikkje berre på tenner at biofilm finst. Du kan møte slike gjengar av bakteriar nesten overalt: i røyr og maskinar, på steinar i skogen, på veggen i dusjen og til og med inne i kroppen din. Du kan ofte kjenne igjen biofilmen som ei glatt hinne som ligg på ei overflate, for eksempel ein vegg eller ein stein.

Skaper trøbbel

Mange typar bakteriar kan vere nyttige. Men nokre lagar problem. Mange sjukdommar, som lungebetennelse og øyrebetennelse, kjem av bakteriar som har laga biofilm inne i kroppen.

For nokre år sidan måtte heile oljefeltet Valhall stengje i fleire veker. Plutselig lak det ut olje, og ingen skjønte kvifor. Men så viste det seg at det hadde festa seg bakteriar inni røyra. Desse bakteriane hadde rett og slett ete hol tvers igjennom stålet!

Vil hindre bakteriar

No jobbar norske forskarar med å finne måtar å hindre skadelege bakteriar i å samle seg i biofilmar. Vitskapsfolka har nemleg laga eit stoff som hindrar bakteriar i å sende beskjedar til kvarandre. Då klarer dei heller ikkje å samle seg i store grupper. I framtida kan slike stoff kanskje brukast både i maskinar og medisinar.

Steinalderfolk med pels på tennene

Steinaldertenner (Hovedtekstbilde)Masse hol! Desse tennene sit på eit 15 000 år gammalt skjelett som forskarane har funne i ei grotte i Marokko.
Foto: Isabelle Dei Groote
Nyleg fann forskarar ut noko spennande: Nokre steinaldermenneske må også ha hatt masse bakteriar i munnen.

Tennene i ein haug av 15 000 år gamle hovudskallar var nemleg fulle av hol. Men andre forskarar har funne steinalderskallar med nesten null hol.

Kanskje åt desse menneska mat som bakteriane ikkje likte så godt?

 

Publisert i Nysgjerrigpre 2-2017 

Lesekroken 

Til denne artikkelen er det laget leseoppgaver og mal for tankekart. Gå til Lesekroken for å laste dem ned.