Lomvi-mysteriet

17. mar 2017 07:00

Vinteren for 30 år sidan var ekstra hard for den svarte og kvite sjøfuglen lomvi. Dårleg ver og lite mat tok knekken på veldig mange fuglar. Mange stader i Noreg forsvann lomvien nesten heilt. Så skjedde det noko …

Flyvende lomvi

Vinteren for 30 år sidan var ekstra hard for lomvien. Foto: Shutterstock 

For nokre stader vart det fleire og fleire lomviar igjen. Særleg på Hornøya i Finnmark. Etter katastrofevinteren var det berre 1800 lomvipar igjen her. 30 år seinare var det 15 000 par. Kva hadde skjedd? Og kvifor skjedde det akkurat her?

Lofottorsk

Svaret kom heilt frå Lofoten. Det dreier seg nemleg om ekte lofottorsk! Lomvien matar ungane sine med den vesle fisken lodde. Men sjølv et dei vaksne fuglane mykje torskeyngel. Forskarane fann ut at straumane i havet fraktar mykje torskeyngel til Hornøya, mellom anna heilt frå Lofoten. Men det kjem ikkje like mykje torskeyngel kvart år. I 1986 og 1987 kom det veldig lite. Den vinteren var det også veldig lite lodde. Då gjekk det dårleg med lomvien.

Naturen heng saman

I naturen heng ting ofte saman. Torsk som gyter i Lofoten, kan vere kjempeviktig for fuglar ein heilt annan stad. For eksempel for lomvien på Hornøya.

Lomvikoloni

Mange stader i Noreg forsvann lomvien nesten heilt, men så skjedde det noko... Foto: Picturepoint.no 

Publisert i Nysgjerrigper 1-2017 

Sist endret: 17.03.2017

facebook twitter email print
  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle