Lykketrening

28. aug 2017 06:00

Fysisk trening gjer mykje med kroppen din. Ein kan merke at musklane blir større, kondisjonen betre og rørslene meir smidige. Men noko skjer også inni hovudet ditt.

Når du rører deg mykje, til dømes i ein kroppsøvingstime, set hjernen i gang kjemiske prosessar. Han produserer blant anna eit hormon som heiter endorfin. Dette blir kalla lykkehormonet, nettopp fordi det gjer deg lykkelegare.

lykke

(Illustrasjon: Melkeveien designkontor) 

Hjelp mot sjukdommar

Forskarar har dermed funne ut at fysisk aktivitet kan vere med på å hjelpe mot psykiske sjukdommar, som til dømes depresjon. Depresjon er ei liding som påverkar humøret, og ein kan kjenne seg trist over lang tid. For at treninga skal hjelpe deg til å bli frisk, må du trene regelmessig. Det vil seie eit par gonger i veka i fleire månadar.

Finn din aktivitet

Men så er det jo slik at ikkje alle likar å trene, kanskje spesielt dei som er litt leie i kvardagen. Korleis ein kan få folk til å trene, er derfor noko forskarane jobbar mykje med no. Uansett kor mykje dei har funne ut om lykkehormona som blir produserte, hjelper det oss lite dersom vi ikkje har lyst til å trene.

Forskarane meiner derfor at det er viktig å finne ein aktivitet du sjølv likar. Det nyttar ikkje å tvinge deg på handballtrening, om dette er noko du hatar. Dersom du likar det du gjer, er det større sjanse for at du fortset med trening livet ut, og du kan produsere fleire millionar lykkehormon.

Publisert i Nysgjerrigper 3-2017 

Sist endret: 28.08.2017

facebook twitter email print
  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

 

E-post: nys@forskningsradet.no, Tel: 22 03 75 56/70 00

Nysgjerrigper, Norges forskningsråd, Postboks 564, 1327 Lysaker 

twitter facebook

RSS strøm
Hva er RSS?