Kor mykje er eit dyreliv verdt?

28. aug 2017 06:00

Det blir forska mykje på dyreåtferd i dag. Det gir oss stadig meir kunnskap om dyreintelligens og om korleis dyra tenkjer og føler. Vi blir stadig meir "overraska" over kor avanserte dyra er, og kor like oss dei er. Kor mykje er eit dyreliv verdt?

Hund og to marsvin

(Foto: Picturepoint.no) 

Vi veit at vår kropp og vår hjerne er laga av dei same cellene som dyra har, og dei blir styrte av dei same kjemiske stoffa. Kvifor skal vi tenkje at vi er så veldig annleis – og mykje meir verdt – enn dyra? Kvifor skal vi tru at dei opplever smerte, kjærleik, sakn og glede noko særleg annleis enn vi?

Familiemedlemmer

Dei som er blitt kjende med eit dyr – kanskje ein hund eller eit anna kjæledyr –, veit at dette dyret er eit individ med eigne tankar og kjensler. Mange ser på kjæledyra sine som fullverdige familiemedlemmer. Somme set sitt eige liv i fare for å redde kjæledyret sitt, eller for å redde eit villdyr som er i vanskar.

Ulike oppfatningar

Folk har altså forskjellige oppfatningar av kor mykje eit dyreliv er verdt. Kven skal så få bestemme verdien? Er det dei som ser på dyret som eit individ med eigne rettar som vi må respektere? Eller er det dei som meiner at eit dyr berre er verdt det vi kan tene på å utnytte det?

Dyrehender- og føtter

(Foto: Picturepoint.no) 

Dyrepoliti

Heldigvis ser det ut til at stadig fleire forstår at mennesket har eit ansvar for kva vi gjer med kloden og med medskapningane våre. I Noreg er det no oppretta eit eige dyrepoliti fleire stader. Dyrepolitiet etterforskar dyremishandling og sørgjer for at folk blir straffa. Dyrevernorganisasjonar kjempar for at dyr skal få ein eigenverdi.

I USA fekk dei to sjimpansane Herkules og Leo status som juridiske "personar" under ei rettssak i 2015. Éin ting er sikkert: Dess meir vi lærer om medskapningane våre, dess viktigare blir det å tenkje over korleis vi behandlar dei.  

To sjimpanser ler

Sjimpansane Herkules og Leo fekk status som juridiske "personar" under ei rettssak. Dette er ikkje dei to sjimpansane. (Foto: Shutterstock).

Lesekroken

Til denne teksten er det laget et undervisningsopplegg i lesing. Bruk teksten til å arrangere debatt om dyreliv. Finn oppgavene på nysgjerrigper.no/lesekroken. 

 

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-2017.   

Sist endret: 28.08.2017

facebook twitter email print
  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle