Gull verdt eller null verdt

Har du funne opp noko nytt og er redd for at andre skal stele ideen din? Då må du beskytte han. Sjekk også ut at andre ikkje har tenkt på det same før deg.

En ostehøvel med treskaft
Ostehøvelen var ei ny oppfinning i 1925. Foto: Shutterstock

Du kan beskytte ei oppfinning dersom ho er ny og løyser eit teknisk problem. Slik ein smart norsk snikkar gjorde alt i 1925 då han fann opp ostehøvelen. Han hadde ein idé om å skjere osten på ein enklare måte – slik ein bruker ein høvel på treverk. Prinsippet funka! Og han søkte og fekk patent på ideen. Snikkaren tente masse pengar på oppfinninga si, som i dag blir brukt av menneske over heile verda.

Snikkaren tente masse pengar på oppfinninga si, som i dag blir brukt av menneske over heile verda. Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Verdiar kan beskyttast

Verdiar som kan beskyttast, kallar ein immaterielle rettar. Patent er ein immateriell rett. Viss ikkje snikkaren hadde fått patentet, hadde han kanskje ikkje tent éi krone.

– Med eit patent i handa får ein einerett på å utnytte ideen sin. Det vil seie at ingen andre kan tene pengar på oppfinninga, forklarer avdelingsdirektør Otto Scharff i Patentstyret. Der kan ein søkje om patent.

Design og merkeklede

Ein bør undersøkje om nokon har same idé som ein sjølv, før ein jobbar vidare med ein idé. Patentstyret har oversikta over alle varemerke og design som er registrerte i Noreg. Ein kan nemleg også beskytte eit design – altså utsjånaden og forma på noko ein lagar.

Vidare er det viktig å beskytte varemerke. Kjende varemerke er blant andre Nike og Adidas.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 16. april 2024, 14:39 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.