Kan hjernen bli full?

Kor mykje er det eigentleg plass til i hjernen vår? Kan han bli full?

Når vi lastar inn massevis av bilde, musikk og spel på datamaskinen, får vi til slutt beskjed om at vi har for lite diskplass igjen. Kan dette skje med vår eigen harddisk, hjernen?

Modell av en hjerne
Dess meir informasjon hjernen allereie har lagra, jo meir effektivt blir ny informasjon lagra. Foto: Shutterstock

Ingen grenser

Den danske hjerneforskaren Jesper Mogensen fortel at det er mykje vi ikkje veit om korleis hjernen vår lagrar informasjon. Men truleg er det ikkje nokon grenser for kor mykje data vi kan stappe inn i hjernen. Tvert imot – innhaldsrike hjernar rommar meir!

Forandrar seg

Hjernen forandrar seg heile tida. For kvar bit informasjon han får inn, lagar han nye koplingar på kryss og tvers mellom cellene. Dess meir informasjon hjernen lagrar, dess fleire koplingar finst det, og dess fortare og meir effektivt blir ny informasjon lagra. Det er ingen grenser for kor mykje vi kan lære, seier Mogensen.

Stapp inn meir!

Så viss du vil ha plass til mest mogleg kunnskap i hjernen, er det berre å stappe inn så mykje som mogleg – det er den beste måten å lage plass til meir på!

Meldinger ved utskriftstidspunkt 17. april 2024, 01:28 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.