Bakepulverbåt
Ei tom flaske får fart på seg når du bruker bakepulver og eddik som drivkraft.
Du treng:
- ei tom 1 ½ liters brusflaske med kork
- ei nål eller ein teiknestift
- to strikkar
- ei teskei
- 10 ts bakepulver
- 1 dl eddik
- 3 dl vatn
- ein kopp
- eit papirark
- eit badekar eller stort kar med vatn
Slik gjer du:
1) Set to strikkar rundt flaska slik som vist på teikninga: ein strikk langt ned mot botnen, den andre omtrent på midten av flaska.
2) Fest ei teskei under dei to strikkane.
3) Legg flaska i vatnet og merk deg kva for ein del av flaska som ligg under vatn.
4) Løft opp flaska. Bruk ei stoppenål og lag eit lite hol i den delen av flaskebotn som låg under vatn.
5) Lag eit kremmarhus av papir. Dette skal du seinare bruke som trakt for å få bakepulveret inn i flaska.
6) Mål opp 10 teskeier bakepulver i ein kopp.
7) Løft opp flaska og hald ein finger framfor det vesle holet du har laga i flaskebotnen.
8) Ha 3 dl vatn og 1 dl eddik oppi flaska.
9) Skru av korken og set kremmarhuset i flasketuten.
10) Hell i full fart bakepulveret i flaska.
11) Ta vekk trakta, skru på korken og rist godt.
12) Legg flaska tilbake i vatnet og ta fingeren bort frå holet.
Kva skjer?
Inni flaska vil bakepulver og eddik danne ein kjemisk reaksjon. Desse to stoffa dannar CO²-gass. Det er den same gassen som du pustar ut. Fordi holet du har laga i flaska, er så lite, vil gassen presse seg ut. Dette skaper ein fin jetstrøm. Trykket er så sterkt at det pressar "båten" framover.
Klikk her for å last ned ein pdf-fil med framgangsmåte for eksperimentet.
Illustrasjoner: Melkeveien designkontor
Relaterte artikler
- Eksperimentplakater (20.05.2019)
- Lag badebomber (13.11.2018)
- Eksperimentverkstedet fra Nysgjerrigper-magasinet (13.11.2018)
- Fossile oppdagelser (17.09.2018)
- Test din temperatursans (30.05.2018)
- Eksperimentverkstedet: Lag iskrem på 10 minutter (07.05.2018)
- Eksperimentverkstedet: Led strøm gjennom blyanstre ... (23.02.2018)
- Eksperimentverkstedet: Lag kompost i ei flaske (18.01.2018)
- Julegaver til kjæledyr (07.12.2017)
- Eksperimenter fra Forskerfabrikken (09.11.2017)
- 87 bøker på 4 egg (07.04.2017)
- Nakent egg som spretter (31.03.2017)
- Stable-bøker-på-egg-rekord? (27.03.2017)
- Lær språk på 1-2-3 (10.03.2017)
- Gjør et imagisk eksperiment (24.02.2017)
- Fisken i bollen (21.12.2016)
- Hva er inni julepakken? (06.12.2016)
- Forsk på tid (01.12.2016)
- Lag en katapult av ispinner (23.11.2016)
- Flere relaterte artikler