Usynligheitskappe skjuler gjenstandar

01. jun 2016 06:00

tryllestav og usynlig gjenstand (Ingressbilde) Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Forskarar ved Berkeley-universitetet i California har funne opp ei lita "usynlegheitskappe" som kan gjere ørsmå gjenstandar umoglege å sjå.

Forskarane meiner òg at kappa kan lagast større, slik at det går an å skjule større gjenstandar.

Den tynne, vesle kappa er laga slik at når lys skin på henne, kastar ho lyset tilbake slik at ho ser flat ut. Når det ligg ein tredimensjonal gjenstand under kappa, ser kappa likevel flat ut, og omrisset av gjenstanden blir derfor usynleg.

Skjuler ting

Kappa er sjølvsagt inga "ekte" usynlegheitskappe, for du kan ikkje sjå gjennom kappa og tingen som er under henne. Men fordi ho ser flat ut, kan ho brukast til å skjule ting.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-2016. 

Sist endret: 01.06.2016

facebook twitter email print
  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle