Korleis har havet det?

I tre veker har 24 forskarar segla rundt i Arktis for å finne ut korleis havet har det no.

Det er forskarar frå Havforskingsinstituttet som har vore på tokt i Polhavet i skuta "Helmer Hanssen". Polhavet er det kalde havet som ligg rundt Nordpolen. Endringar i klimaet har gjort at isen har trekt seg tilbake. Spørsmålet forskarane stiller seg, er kva som eigentleg skjer med havet når isen forsvinn?

Skuta Helmer Hanssen

Skuta Helmer Hanssen. Foto: Rudi Caeyers - BFE/UIT  

Dyrelivet forandrar seg

Randi Ingvaldsen, forsker (Hovedtekstbilde)Randi Ingvaldsen har leidd toktet i Polhavet.
Foto: Gunnar Sætra, Havforskningsinstituttet
Forskaren som har leidd toktet, heiter Randi Ingvaldsen. Ho fortel at fleire dyr i Arktis treng isen for å overleve. Viss vatnet blir for varmt, har artane som lever der, ingen andre stader dei kan dra. Det gjeld nokre fiskar, som polartorsk, nokre selar og nokre botndyr.

Enkelte typar dyreplankton (bitte små dyr) lever òg berre her. Mange fiskar og kvalar lever av dyreplankton.

– Så når isen forsvinn, kjem også noko av dyreplanktonet til å forsvinne. Då vil det kome andre typar dyreplankton. Det kan hende at desse ikkje er så sunne for dyra som lever i Polhavet. Vi må finne ut kva som då skjer med dyra, seier Randi.

Oppdagar nye ting

Forskarane på skuta til Randi tek mange forskjellige prøvar når dei er på tokt. Dei tel sel, kval og fugl. Dei måler temperaturen i havet, og dei sjekkar kor salt vatnet er. Dei tek også prøvar av organismar som lever i havdjupet og på havbotnen.

– Vi bruker trålarar for å hente opp fisk, sjøstjerner, krabber, manetar og andre dyr. Så studerer vi dei om bord på skipet. Når vi er ferdige med å sjå på dei, slepper vi dei ut i sjøen igjen. Det er like spennande kvar gong, for vi oppdagar alltid noko nytt, fortel Randi.

Håkjerring på rist

Her har forskarane henta opp ei håkjerring frå havet. Foto: Julius Nielsen. 

På tokt om hausten

Randi fortel at dei alltid dreg på tokt tidleg på hausten, for då er det minst is. Då er det mykje lettare å segle lengst mogleg nord i Polhavet. I år reiste Randi saman med 23 andre forskarar og eit mannskap på 11 personar. Det dei lærer om fisken og havet, deler dei med mange andre forskarar når dei kjem på land.

– Det har vore morosamt, men også litt skummelt, spesielt når det har vore store bølgjer på havet. Nokre av forskarane har til og med blitt sjøsjuke – så det har ikkje vore like gøy for alle, avsluttar forskaren.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-2016.