Frukt og grønt er miljømat

Kvart år blir det 80 millionar nye munnar å mette på jorda. Derfor blir det stadig viktigare å tenkje over kva vi et.

Illustrasjon av en gulerot.
Gulrot er bra for kropp og klode! Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Produksjon av mat krev mykje ressursar. Traktorar skal ha drivstoff, og maskiner skal ha straum. Matproduksjon fører også til utslepp av skadelege gassar. Drivhusgassar. Gassane stig opp i atmosfæren og legg seg som eit lokk rundt jorda. Som i eit drivhus blir det varmare og varmare.

Full av gass

Matproduksjon av både fisk og svinekjøtt belastar miljøet mykje. Men tre gonger verre er den gras-gnafsande oksen. Ei skikkeleg miljøbombe. Oksepromp er full av metangass, ein av dei verste drivhusgassane.

Illustrasjon av en okse som spiser gress.
Illustrasjon: Melkeveien desigkontor

Frukt og grønt

Vegetarmat som frukt og grønsaker er derimot bra både for menneska og miljøet. Det kjem lite miljøgassar frå plantedyrking, og frukt og grønsaker er sunt for kroppen din.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 05:16 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.