Øy av fiskebæsj

Neste gong du drøymer om eit tropisk paradis: Det er eigentleg berre ein stor bæsjehaug!

En tropisk øy med hvite sandstrender og turkis vann rundt.
Papegøyefiskar bæsja 500 tonn i året, mesteparten av sanden rett og slett var bæsj frå papegøyefiskar! Foto: Shutterstock

For mange er ei tropisk øy omgitt av krystallklart vatn og korallrev sjølve paradiset. Ingen hadde eigentleg sett på korleis desse tropiske øyane oppstod, før forskarar frå Exeter-universitetet i England granska saka.

Øyane er laga av sand som stammar frå korallreva rundt. Forskarane oppdaga at mesteparten av sanden rett og slett var bæsj frå papegøyefiskar!

Bæsjar tonn på tonn

Papegøyefiskar er store fiskar med eit kraftig, hardt nebb som minner om eit papegøyenebb. Dei lever av korall, som dei brekker av med nebbet og knuser med tennene. Så svelgjer dei heile greia og fordøyer dei mjuke delane. Alle dei harde småbitane bæsjar dei ut igjen – og dei blir til sand.

Forskarane fann ut at fiskane rundt øya Vakkaru i Maldivane bæsja om lag 531 000 kilo ny sand i året. Det er mykje bæsj! Det viser kor viktig det er å verne om papegøyefiskane, som er byggherrane for øyane.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 23. april 2024, kl. 23:27 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.