Nynnar om natta

No har jo heile verda høyrt kva den norske reven seier. Men kva seier sjiraffen? Han nynnar!

Sjiraff i solnedgang Forskarar samla 1000 timar med lydopptak av sjiraffar. Foto: Shutterstock

Sjiraffen er eit av dei mest spesielle pattedyra i verda. Den høge kroppen med den lange halsen får oss nesten til å tenkje på dinosaurane som ein gong levde på jorda. Sjiraffen lever i flokkar, mykje på same måte som hyenar eller sjimpansar. Begge desse dyreartane er veldig pratsame og bruker lydar til å snakke med kvarandre. Men kva seier sjiraffen?

1000 timar lydopptak

i veit at sjiraffar gryntar og snøftar frå tid til anna. Men austerrikske forskarar var nysgjerrige på om sjiraffar også "snakkar" til kvarandre med andre lydar. Dei samla nesten 1000 timar med lydopptak av sjiraffar frå tre europeiske dyrehagar. Då dei lytta til opptaka, oppdaga dei at sjiraffane nynna til kvarandre om natta. Det høyrest nesten ut som ei blanding av ei ku som rautar, og lyden av ein moped i det fjerne. Forskarane er ikkje sikre på kva nynninga betyr, men trur at sjiraffane kanskje nynnar for å halde kontakten med kvarandre i mørket.

Publisert i Nysgjerrigper 1-2016.