Kvelarslangar kveler ikkje

Kven grøssar vel ikkje berre ved tanken på ein tigerpyton eller ein anakonda? Vågale forskarar har gjort grufulle nye oppdagingar om kvelarslangane.

En kvelerslange som slynger seg rundt en gren.
Foto: Picturepoint.no

Det trudde vi i alle fall.

Men no har nokre amerikanske forskarar undersøkt saka. Dei hadde lagt merke til at kvelarslangane drep bytta så fort. Mykje fortare enn ein skulle tru, dersom byttet vart kvelt. Derfor gjorde forskarane eit grøssent forsøk, for å finne ut meir.

Svolten kongeboa

Forskarane bedøvde rotter, og festa måleinstrument til dei. Så vart dei sovande rottene gitt til ein svolten kongeboa. Slangen slo til. Og dermed kunne forskarane måle kva som skjedde inni rottekroppen.

Og ganske riktig.

Slangen klemde så hardt at han ikkje berre stoppa pusten til rotta. Han stoppa blodet. Og når blodet ikkje lenger flyt rundt i kroppen, svimar vi av omtrent på sekundet.

Men kva i all verda skal vi kalle kvelarslangane, når dei ikkje kveler?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. april 2024, kl. 11:50 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.