Herifrå til Pluto med romsonde

Verdsrommet er grenselaust. For ti år sidan la romsonden New Horizons ut på ei lang reise. Målet for ferda låg ytst ute i solsystemet vårt. Der utforskar romsonden dvergplanetane.

Satelittbilde av plantene Pluto.
Pluto vart oppdaga i 1930 av Clyde Tombaugh. Dvergplaneten har fem månar: Charon, Nix, Hydra, Kerberos og Styx. New Horizons har tatt dette biletet av Pluto. Foto: NASA/JHUAPL/SWRI

For snart eitt år sidan nådde romsonden endeleg fram til den mest kjende av dvergplanetane: Pluto. Ein dvergplanet er ein miniplanet av is.

Mens han suste forbi, samla New Horizons inn masse informasjon om dvergplaneten. Han tok også fantastiske bilete, både av Pluto sjølv og av Charon og Hydra. Dei er to av dei fem månane til dvergplaneten.

Illustrasjonsbilde av Jordens størrelse sammenlignet med Pluto.
Dette biletet viser tydeleg kvifor forskarane kallar Pluto ein dvergplanet. Pluto er mindre enn ein femdel så stor som jorda. Månen Charon er omtrent ein tidel så stor som jorda. Illustrasjon: NASA

Kald planet

Pluto ligg heilt ytst i solsystemet, langt frå sola. Derfor er han ein veldig kald planet – ein isdverg. Bileta viser ei frosen verd. Overflata er dekt av forskjellige sortar is: frosen nitrogengass, metan og karbonmonoksid. Bileta viser både 3400 meter høge isfjell og store, isdekte sletter.

En satelitt som fotograferer Pluto.
New Horizons fann både høge isfjell og frosne sletter på Pluto. Foto: NASA/JHUAPL/SWRI

Utover i verdsrommet

Etter å ha passert Pluto heldt romsonden fram utover i verdsrommet. Etter planen skal sonden utforske minst éin dvergplanet til før han forlèt solsystemet.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 05:33 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.