Mars-robot får norsk hjelp

26. okt 2016 06:00

Rimfax, Mars 2020 Ei teikning av roboten med radaren som heiter Rimfax. Ill.: NASA

Roboten Mars 2020 er oppkalla etter staden han skal til og året han skal reise ut for å utforske planeten Mars. Eit av dei viktigaste verktøya til roboten blir laga i Noreg.

Sommaren 2020 set han kursen mot den raude planeten. Her skal han undersøkje om det nokon gong har vore liv på Mars. Roveren skal også finne ut kva astronautar vil trenge for å klare seg på planeten.

Travelt for forskarane

Det kan verke lenge til 2020. Men forskarane som jobbar med utstyr til Mars-roveren, har det travelt likevel. Roboten treng nemleg mange heilt nye instrument for å finne ut mest mogleg om Mars, instrument som kan undersøkje alt han kjem over, både over og under bakken.

tegning av ferdig mars-rover

Her er ei teikning av korleis roveren skal sjå ut. Ill.:  NASA

Georadar bygd i Noreg

Eit av dei viktigaste instrumenta blir bygd her i Noreg. Det er nemleg norske forskarar som lagar georadaren til roveren. Ein georadar sender signal ned i bakken for å finne ut kva som skjuler seg der nede. Mars 2020 er den første Mars-roveren som har eit slikt instrument om bord. Dermed er han også den første roveren som kan finne ut kva som skjuler seg under Mars-overflata.

georadar testes på svalbard

Georadaren er eit av dei viktigaste instrumenta på roveren. Den blir bygd i Noreg og har blitt testa på Svalbard. Foto: NASA/FFI 

Andre robotar på Mars

Mars 2020 blir ikkje den første roboten på Mars. Det første robotfartøyet landa på den raude planeten alt i 1971. Sidan den gongen har vi sendt mange robotar til Mars. Nokre av dei krasja. Andre gjekk sund like etter landing. Nokre fungerte i lang tid før dei slutta å verke. I dag er det to robotar på Mars som framleis fungerer: Mars-roverane Opportunity og Curiosity.

Opportunity og Curiosity undersøkjer om det har vore mogleg å leve på Mars nokon gong. Mars 2020 skal leite etter teikn på at det faktisk har vore liv der. Han skal leite på nye stader og på nye måtar, mellom anna under bakken. 

Mars-landskap

Over ser du bilete av to moglege steder på Mars der roveren kan lande. Til venstre dalen Valles Marineris og til høgre vulkanen Syrtis Major. Foto: NASA/JPL CALTECH/UNIVERSITY OF ARIZONA 

Lær meir om NASA sitt Mars-oppdrag her. På sida til NASA kan du sjå bilde og filmar av roveren slik dei har tenkt å bygge han.

Mars-rover med alle instrumenter

Roboten skal utstyrast med nøye utvalde verktøy og instrument. Les meir og sjå bilde av alle på NASA si Mars 2020-side. Illustrasjon: NASA 

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-2016 

Sist endret: 26.10.2016

facebook twitter email print
  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

 

E-post: nys@forskningsradet.no, Tel: 22 03 75 56/70 00

Nysgjerrigper, Norges forskningsråd, Postboks 564, 1327 Lysaker 

twitter facebook

RSS strøm
Hva er RSS?