Hjelp humlene - lag eit bol

Naturens hjelparar – humlene – er i fare. Det blir færre og færre av dei. Men du og eg kan hjelpe. Vi kan gi humlene både mat og husrom.

En humle flyr over en blomst
Humlene gjer nemleg ein livsviktig jobb for matproduksjonen i heile verda. Foto: Fotolia

Når skogane gror igjen og bøndene stort sett dyrkar korn, minkar det på blomane. Er ein i tillegg ei lita byhumle, er det sanneleg ikkje enkelt å finne ein grei stad å bu.

Éi som veit kor tøft det er å vere humle i dag, og som gjerne vil hjelpe dei, er Ingvild Fonn. Ho er biologistudent ved Universitetet i Oslo. Ingvild studerer humler og pollinering – altså korleis humler spreier pollenkorn slik at blomane blir befrukta og dannar frø. Humlene gjer nemleg ein livsviktig jobb for matproduksjonen i heile verda.

Humlemat

Gjennom foreininga "La humla suse" jobbar Ingvild saman med mange humlevenner for å spreie informasjon om humlene, slik at vi menneske kan gjere livet litt enklare for dei små og lubne hjelparane våre. Kvar sommar arrangerer dei humlevandringar i Botanisk hage i hovudstaden. Her kan kven som helst vere med på å studere humler og lære korleis ei lykkeleg humle bør ha det.

Gule påskeliljer ute i naturen.
Å dyrke plantar som blomstrar på forskjellige tider gir humla mat gjennom sommaren. Foto: Fotolia

Dyrkar blomar

– Det er så enkelt som at vi dyrkar blomar som humlene er glade i, noko vi til og med kan gjere på balkongen. Og vi bør helst dyrke norske plantar, sidan norske humler er vane med norske blomar – blomar som har mykje nektar og pollen for ei svolten humle. Eit anna godt råd er å dyrke plantar som blomstrar på forskjellige tider, slik at humlene kan ete nektar gjennom heile sommaren, fortel Ingvild.

Trivst i musebol

Like viktig som mat er det at humlene har ein god stad å bu. Humlene trivst i gamle musebol. Det er ikkje uvanleg at humler luktar seg fram til gamle bol der mus har budd. Om det bur mus der enno, kan dei vere så frekke at dei jagar bort musene.

Grunnen til at humlene trivst her, er at musebol isolerer godt. Vil du òg hjelpe dei med bustad, kan du lage humlekassar som liknar på musebol.

Illustrasjon for hvordan man kan lage et humlebol.
Slik kan du byggje opp eit humlebol. Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Oppskrift på humlebol

Ingvild fortel at kassane bør fyllast med materiale som liknar materiala i musebol. Eit godt humlebol består av tre lag: – Heilt ytst kan du leggje heilt vanleg tørt gras. Neste lag skal også bestå av tørt gras, men det bør vere mjukt og utan strå. Heilt inst kan du ha silkemjuke hår – som underpelsen frå hunden eller katten din, eller frå eit anna dyr. Og heilt til slutt bør humlekassen lukte av mus. Har du noko som luktar mus, kan du bruke det som lokkemiddel, fortel Ingvild.

På nettsida til La humla suse finn du fleire tips om korleis du lager ein humlekasse.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. april 2024, kl. 10:32 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.