Kva er ei grense?

Det finst mange slags grenser. Nokre er opne. Andre er stengde med høge gjerde. Nokre er tydelege. Andre er heilt usynlege. Kva er eigentleg ei grense?

Den kinesiske mur som strekker seg milevis gjennom den kinesiske landskapet.
Den lange muren: Den kinesiske muren er noko av det største vi menneske har bygd nokon gong. Denne muren av stein og jord vart påbegynt på slutten av 1300-talet. Det tok nesten 300 år å byggje han! Og det er ikkje så rart: Han var nemleg over 8850 kilometer lang, og mellom seks og femten meter høg. Den kinesiske muren vart bygd langs den nordlege grensa av Kina. Målet var at han skulle verne landet mot angrep og røvartokter. Foto: Shutterstock

Ei grense er ei linje mellom to område. Ein strek som skil to ting frå kvarandre. Mitt og ditt. Eller oss og dei, for eksempel. I fleire tusen år har vi menneske laga grenser mellom kvarandre. Det går for eksempel ei grense mellom hagen din og hagen til naboen. Det er grenser mellom kommunane og fylka i Noreg. Og alle land i verda er omgitt av grenser.

Utydelege grenser

Viss du ser på eit verdskart, er det lett å få auge på landegrensene. Skarpe strekar skil landa frå kvarandre. I verkelegheita er det ikkje alltid så lett å sjå kvar grensa går. Det går for eksempel ikkje an å sjå grenser til sjøs.

Når to land stoler på kvarandre, treng ikkje grensa vere så tydeleg. Då held det kanskje å setje opp skilt eller merke. Viss landa ikkje er så gode venner, blir det mykje viktigare å vise kvar grensa går. Då byggjer dei ofte gjerde eller murar langs grensa.

Gammel grensesøyle av stein som markerer grensen mellom Norge og Sverige.
Røys og gate: Noreg grensar til Sverige, Finland og Russland. Heile grensa er til saman over 2500 kilometer lang. Grensa mellom Noreg og Sverige er merkt med grenserøyser. Det er store merke av stein. Der grensa går gjennom skogen, går det også ei grensegate. Det betyr at alle trea langs grensa er hogne ned. Foto: Erlend Haaberg/NN/Samfoto/NTB Scanpix

Grensekontroll

Styresmaktene i alle land vil gjerne vite kven som kjem til landet, kvar dei kjem frå, kvifor dei kjem, og når dei dreg att. Derfor har dei fleste land grensekontrollar.

Alle som reiser frå eit land til eit anna, må ha med seg papir som fortel kven dei er. Det vanlegaste er å bruke pass.

Eit pass er som ei lita bok. Ei bok om deg. I passet står det kva du heiter, kvar og når du vart fødd, og kva land du kjem frå. I moderne norske pass er det også ei lita databrikke. Politiet kan lese av databrikka med ein spesiell maskin. Då får dei opp eit bilete av deg. Dei får også informasjon om korleis du ser ut. Slik kan dei vere helt sikre på at du er du.

I slutten av 2017 kjem det nye norske pass. Dei skal pyntast med teikningar av norske landskap.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2024, kl. 17:00 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.