Dyr og plantar på vandring

Jorda vår er i stadig endring. Ho endrar seg så raskt at dyr og plantar knapt greier å henge med.

Norsk hummer Hummar og kreps forsvinn når vatnet blir for varmt: Foto: Picturepoint.no

Kontinenta flytter seg, og kloden går gjennom istider og varmeperiodar. Plantar og dyr er nøydde til å flytte på seg for å overleve. Dette er noko som har skjedd gjennom alle tider. Våre eigne forfedrar vandra ut av Afrika, kanskje på grunn av varme og tørke, og har etter kvart spreidd seg over heile kloden. Klimaendringane gjer at verda forandrar seg så fort at dyr og plantar knapt greier å henge med.

Haikar med dyr

Plantar er nokså stadfaste – dei sit som regel fast i bakken med røtene sine. Men plantane kan vandre ved å sende ut frø eller utløparar som slår rot eit stykke frå morplanten. Nokre haikar med dyr eller menneske. Slik har dei spreidd seg langt og vidt – iblant frå kontinent til kontinent. I dag ser vi at det varmare klimaet får ein del plantar til å spreie seg lenger nordover og høgare opp i fjellet enn dei har vore før. Det fører til at grensa mellom skogen og snaufjellet flytter seg oppover.

Smitteberarar i frammarsj

Mange dyr spreier seg nordover og høgare opp i fjellet, til stader der det har vore for kaldt for dei tidlegare. Heilt nye dyreartar dukkar opp der dei ikkje har vore før, og nokre av dei klarer å slå seg til. Dessverre er ikkje alle desse like hyggelege å få på besøk. Malariamygg og andre smitteberande insekt er på frammarsj blant anna i Nord-Amerika og Europa.

malariamygg

Malariamygg er på frammarsj i Nord-Amerika og Europa. Foto: Shutterstock 

Fugler blir påverka av klimaet

Trekkfuglane og andre vandrande dyr er mest påverka av endringane i klimaet. Gjennom tusenvis av år har dei vant seg til å vandre til bestemte tider. Det har vore bestemt av når plantane spirte og blomstra, eller når insekta vart klekte og sverma. Men no skjer dette stadig tidlegare, og det er vanskeleg for fuglane å rekke å få fram ungane sine når det er mest mat å finne – sjølv om fuglane kjem og begynner å hekke opptil tre veker tidlegare enn dei gjorde for 30 år sidan.

rødnebbterne

Trekkfuglane er påverka frå endringane i klimaet. Rødnebbterna trekk frå pol til pol kvart år. Foto: Picturepoint.no 

Endringar i havet

Også i havet skjer det klimaendringar. Havet blir varmare og dessutan mindre salt på grunn av all isen som smeltar til ferskvatn. Mange fiskeartar har eldgamle vandringsruter mellom beiteområde og gyteområde. Men når vatnet blir for varmt eller har feil saltinnhald, hjelper ikkje det – fisken slit og må dra til kaldare farvatn for å overleve. Fiskarane får problem, og sjøfuglane finn ikkje maten der han skal vere.

Hummar og sanktpetersfisk

Andre viktige sjødyr, som blåskjel og hummar, forsvinn også når vatnet blir for varmt. På den andre sida ser vi at det dukkar opp artar som tidlegare høyrde til mykje lenger sør. Middelhavsfiskar som sanktpetersfisk og havåbor har no etablert seg utanfor norskekysten.

sanktpeterfisk i vannet

Sanktpeterfisk er no etablert utanfor norskekysten. Foto: Picturepoint.no 

Behalde mangfaldet

Forsking har vist at klimaendringane i dag skjer tusen gonger fortare enn tidlegare klimaendringar. Mange artar er avhengige av oss for å overleve. Vi må flytte plantar og tre til nye område der dei kan overleve, og setje av samanhengande naturområde utan hindringar, der dyra kan vandre til nye leveområde. Vi må gjere det vi kan for å behalde mangfaldet i naturen vår.

Publisert i spesialutgave om grenser, august 2016.