Ananas bit

Nei, det er ikkje skrivefeil. Samtidig som du et ananas, prøver ananasen å ete deg!

Ananas er ei nokså ny frukt i Noreg og Europa. Europearane oppdaga frukta då spanjolane kom til Amerika i 1492. Då ananasen først kom til England på slutten av 1600-talet, kosta ein ananas om lag 50 000 kroner! Og den som var så rik og heldig at han kunne kjøpe ein ananas, åt han ikkje. Han sprada rundt med han under armen i selskap, slik at alle kunne sjå og misunne han!

mann som sprader rundt med ananas

Kanskje såg det slik ut, då rikingane i England på 1600-tallet pynta seg med ananas som eit statussymbol. Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Du vinn

I dag kan vi kjøpe ananas i nesten alle matvarebutikkar. Viss du har ete frisk ananas, har du sikkert kjent korleis munnen og leppene blir såre og rare når du har togge eit par bitar. Ananasbiter som biterNår du bit i ein ananasbit, bit han deg litt tilbake. Men du vinn!
Foto: /ill.: Melkeveien designkontor
Det kjem av at ananasen inneheld bromelain, eit stoff som bryt ned protein. Det er dette stoffet som gjer at kjøtt blir mørt når du dynkar det med ananassaft.

Når stoffet kjem i kontakt med den tynne, følsame huda i og rundt munnen, begynner det å bryte ned proteina som huda er laga av. Samtidig som du et ananasen, prøver han altså å ete opp deg. Flaks at det er du som vinn!

Gjer eit eksperiment med ananas, og sjå kva han gjer med kjøt. 

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-2016