Kvifor lar kvitveisen seg farge blå, men ikkje raud og grøn?

På våren plukka dei kvitveis og vatna med farga vatn, men berre den blå konditorfarga farga kvitveisen, og ikkje den raude og grøne. Kvifor i alle dagar var det slik? Noregs nyaste kvitveis-ekspertar har forska på eit spørsmål sjølv ikkje ekte forskarar kunne gje ei betre forklaring på.

Eit forskingsprosjekt av 4. klasse ved Tokke skule. Vinner av gull i åpen klasse i Årets Nysgjerrigper 2016.

"3. klasse ved Tokke skule hadde om blomar våren 2015 (nå 4. klasse). Me snakka om kva forhold blomane treng for å leve, og ville sjå nærmare på behovet for vatn. Me fant ut at me ville legge konditorfarge i vatn, og sjå om blomane blei farga.

Resultatet skapte stor nysgjerrighet. Kvitveisen som var blomen me valte ut, ville nemlig bare farge seg blå og ikkje raud og grøn. Elevane kom fort med ulike forklaringar på kvifor dei trudde det var slik. Plutselig var me i gang med eit eige og nytt nysgjerrigpersprosjekt, med problemstillinga

– kvifor lar kvitveisen seg farge blå, men ikkje grøn og raud?"

Les heile rapporten om kvitveis her (pdf). 

Hvitveis i blå, rød og grønn farge

Eit av elevanes mange forsøk med kvitveis. Foto: 4. klasse ved Tokke skule.