Mindre søppel, meir mat

Forskarar og designarar samarbeider om å lage matemballasje som vi kan ete eller som naturen enkelt bryt ned. Dei har funne nokre geniale løysingar.

risemballasje som kan skrelles av

Denne emballasjen er laga av bivoks og kan skrellast av risen.
(Foto: INNVENTIA.COM/TOMORROWMACHINE.SE)

Eit av dei store miljøproblema er alt søppelet vi skaper. Særleg plast, som det kan ta fleire hundre år å bryte ned i naturen. Mykje av maten vi kjøper, er pakka inn i unødvendig plastemballasje.

Blir broten ned i naturen

Dei svenske designarane Hanna Billqvist og Anna Glansén ville gjere noko med dette. Dei har utvikla fleire typar matemballasje som blir brotne ned i naturen. Nokre av dei kan også brukast til å lage og servere maten i. For eksempel har dei laga ein pakke med frysetørka mat som opnar seg og blir til ein bolle når ein heller kokande vatn oppi. Så kan ein ete rett frå bollen, som er nedbrytbar.

Smart emballasje

Andre typar emballasje kan kastast i komposten eller løysast opp i vatn. Dei har utvikla ein juiceboks av agar (eit geléliknande stoff) og vatn, som tørkar ut og krympar til nesten ingenting når han er tømd. Tørrvarer, som ris, pakkar dei inn i eit tynt lag bivoks som kan skrellast av, og av sukkerknekk og bivoks har dei laga ein behaldar for olje som kan knekkast som eit egg. Desse smarte emballasjane kan hjelpe oss å redusere dei enorme søppelhaugane vi etterlèt oss.

Oppdrag: Matforskning!

I Årets Nysgjerrigper 2016 oppfordrer vi dere til å forske på noe som har med mat å gjøre. Vi kårer det beste matprosjektet i tillegg til det beste prosjektet i åpen klasse.

Tar dere utfordringen?

Meld dere på konkurransen her. De første hundre som melder seg på får Nysgjerrigpers startpakke.

Les mer om konkurransen og hvorfor mat vi har valgt mat som tema.