Fisk med ladd kanon
Når skyttarfisken ladar vasskanonen, kan ikkje små insekt føle seg trygge. På lang avstand og med ekstrem presisjon sender skyttarfisken ut ein dødeleg vass-stråle
Skyttarfisken fyrer av vasskanonen mot insekt over vatn. FOTO: PICTUREPOINT.NO
Med kledelege svarte striper på ryggen ligg skyttarfisken heilt roleg i vasskorpa. Han speidar etter noko godt som han kan kose seg med til middag. På eit strå eit stykke unna sit eit lite insekt og anar fred og ingen fare.
Vasskanon
Inne i gjellene gjer skyttarfisken klar det hemmelege våpenet sitt. Vasskanonen. Vatn blir pressa saman, og renn vidare i innvendige røyr før det samlar seg i eit lite holrom. Skyttarfisken har fått byttet i siktet, og er klar til å fyre av. Han opnar munnen på vidt gap, og lukkar han raskt halvvegs igjen. Då kjem strålen. Med millimeterpresisjon treffer han det vesle insektet mange meter unna. Og før det mørbanka offeret rekk å nå vassflata, er skyttarfisken allereie på plass. Byttet landar elegant midt i gapet på snikskyttaren.
Ny type blekkskrivar
Skyttarfisken inspirerer no ingeniørar. I ein ny type blekkskrivar etterliknar dei hans fiffige måte å spytte på. Om blekkstrålen treffer like godt og er like presis som skyttarfisken sin vasstråle, får tida vise.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-2015.
Relaterte artikler
- Forkjølelsesvirus - hvor kommer det fra? (13.11.2018)
- Den mystiske ålen (08.11.2018)
- Mestere i forvandling (17.09.2018)
- Kråkeboller liker bølger (10.09.2018)
- Maneten som lever evig (10.09.2018)
- Fisken som blir skakk (10.09.2018)
- Gullfisken gjer vatn til sprit (06.04.2018)
- Hvorfor spiser sjøfuglene plast? (23.01.2018)
- Møt en forsker: Audun Rikardsen (14.12.2017)
- Vil rense havet for plast (06.10.2017)
- Hør hvalunger som snakker med moren sin (09.08.2017)
- Sel kan føle flyndra puste (27.06.2017)
- Hvordan kan hvithvalen holde pusten så lenge? (03.03.2017)
- Lydopptak fra verdens dypeste havgrop (01.03.2017)
- Har fisker venner? (17.02.2017)
- Delfiner samarbeider under vann (11.01.2017)
- Fisk hjelper kroppen med å tømme søpla (04.01.2017)
- Havets hemmelige uhyrer (19.09.2016)
- Korleis har havet det? (26.08.2016)
- Vil telle krabbeår med årringer (13.04.2016)
- Flere relaterte artikler