Plantane som forandra verda

02. feb 2015 07:00

Poteter (Ingressbilde) Poteta vart livsviktig for nordmenn på 1700-talet. Foto: Shutterstock

Plantar har tatt liv og gitt liv. Dei har forandra kulturar og endra klesdrakta vår. Felles for dei alle er at vi i dag ikkje kan tenkja oss eit liv utan dei.

Det var ein gong ein potetknoll. Han levde i Sør-Amerika, der inkaene dyrka han høgt oppe i Andesfjella. Her var rotfrukta godt gøymd for resten av verda i fleire tusen år. Heilt til spanjolane kom til Peru for å erobra landet på midten av 1500-talet. Dei jakta på gull og rikdom. Gull fann dei, men det viste seg at poteta skulle bli den aller største skatten dei hadde med seg tilbake til Europa.

Poteta reddar liv

Poteta kom først til Europa på 1600-talet. Hundre år seinare kom ho til Noreg. Poteta vart livsviktig for oss. Ho metta mange magar og redda liv den gongen då det var mangel på mat i Noreg.

– Men til å begynna med var nordmenn skeptiske til poteta. Nokre meinte at det var noko djevelsk over poteta sidan ho voks under jorda, fortel botanikaren Eva Mæhre Lauritzen. Ho har skrive boka om seks plantar som har forandra verda vår. Ho fortel at poteta er ein av dei plantane som har hatt mest å seia for korleis vi lever liva våre i vår del av verda.

Ny kultur med kaffi

Kaffebønner (Hovedtekstbilde)Kaffibønner på stilk.
Foto: Shutterstock
Eva fortel at også kaffien vart møtt med skepsis da han kom til Noreg på slutten av 1600-talet. Kyrkja i Noreg meinte at drikken hadde noko djevelsk over seg sidan han var så mørk på fargen.

– Men kaffibønnene, som stammar frå Etiopia i Afrika, vart veldig populære over heile verda. Det dukka opp kaffihus over heile Europa, der folk samla seg og diskuterte viktige saker. På mange måtar var den mørke drikken med på å endra det sosiale livet vårt, fortel Eva.  Franske historikarar meiner at kaffien endra kulturen, og at diskusjonane som føregjekk på kaffihusa, til og med leidde fram til den franske revolusjonen i 1787–1799.

Sukker og tobakk

Sukerrørplante (Hovedtekstbilde)Sukker kjem frå sukkerrøyrplanter.
Foto: Shutterstock
I dag bruker vi så mykje sukker at vi blir sjuke av det. Men det er ikkje så lenge sidan sukkeret var så verdifullt at husmødrene låste det kvite pulveret ned i kistene sine. Opphavleg vart sukkerrøyr dyrka i Austen. Etter kvart dyrka også amerikanarar planten. Det vart så stor etterspørsel etter sukker i Europa at sukkerdyrking skaut i veret. Alle sukkerplantasjane måtte ha arbeidsfolk, noko som førte til at afrikanarar vart tatt til fange og selde som slavar til plantasjeeigarar. Sukkeret gav enorme rikdommar, men mange menneske måtte li.

Tobakken har også ei mørk side. I dag veit vi at nikotin, som kjem frå tobakksplanten, er veldig farleg. Men til å begynna med vart tobakk brukt både som medisin og som eit nytingsmiddel. Historia vil ha det til at den kjende oppdagaren Kristoffer Columbus var den første europearen som fekk kjennskap til tobakk. Det skjedde då han gjekk i land i Mellom-Amerika i 1492 og møtte indianarar som røykte tobakk.

Nye klede

Bomull (Hovedtekstbilde)Slik ser ein bomullsplante ut.
Foto: Shutterstock
Om vi i dag skulle kle av oss alle kleda som er laga av bomull, er det fare for at vi blir heilt nakne. For med bomullsplanten kom nye moglegheiter og lettare klesplagg enn ull og skinn, som vi først og fremst kledde oss med tidlegare.

– Det er ingen som veit nøyaktig kor gammal bomullsplanten er, men vi trur han har lengst historie i Mexico. Der har dei dyrka han i 8000 år. Ein gong på 1600-talet vart nordmenn kjende med bomullsstoffa. Historia om bomull handlar om slavearbeid, barnearbeid og stor nød, fortel Eva.

Pepar på maten

Pepperplante (Hovedtekstbilde)Slik veks peparkorn på planta. Korna blir tørka og gjerne malt til pepar.
Foto: Shutterstock
Av alle dei seks plantane Eva har studert, har peparplanten lengst historie i Europa. Pepar har opphavet sitt frå sørvestkysten av India. Peparhandelen var så viktig at oppdagingsreiser og store forretningsimperium vart bygde opp rundt krydderet. Pepar var i si tid rekna som både krydder og medisin for rike menneske. Det tok nesten 3000 år frå peparhandelen starta til pepar vart eit vanleg krydder i norske heimar. I dag er det vanskeleg å sjå for oss mat utan pepar. Tenk så kjedeleg maten ville smakt?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-2015.

Sist endret: 02.02.2015

facebook twitter email print
  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle