Lag stjernehimmel på boks

25. feb 2015 07:00

Karslvogna (Ingressbilde) Ser du kva for stjernebilde dette er? Foto: Gro Wollebæk

Stjernehimmelen er flott å utforske på mørke, klare vinterkveldar. Her får du oppskrifta på korleis du kan lage din eigen stjernebildekikkert for å utforske stjernebilda.

Dei fleste veit kanskje korleis stjernebildet Karlsvogna ser ut, men kjenner du Orion, Kassiopeia og Lille bjørn? Med denne stjernebildekikkerten kan du øve deg på sjå stjernebilde. Slik blir det enklare å finne dei att når du ser dei på den ekte stjernehimmelen.

Følgj oppskrifta her, eller last ned ho ned i ein pdf-fil med teikningar som viser korleis du skal gjere. Klikk her for å laste ned oppskrift på stjernehimmelkikkert.

Du treng:

  • Ein Pringles-boks med lok
  • Papir til å pynte boksen med i størrelse 25 x 25 cm
  • Tjukt svart papir
  • Ein spikar
  • Tusj eller blyant som syner på svart papir
  • Saks
  • Lim
  • Stjernebilde
  • Pynt

Slik lagar du kikkerten:

  1. Ta ein tom Pringles-boks og dekk røyret med papir. Bokbind er lett å klippe til. Lim papiret fast til røyret.
  2. Ta ein spikar og lag eit hol i metallbotnen av boksen. Pynt utsida av boksen med teikningar, glitter eller det du har som passar på kikkerten din.
  3. Klipp ut sirklar med diameter 8,3 cm av tjukt, svart papir. Sirklane skal passe inni loket på Pringles-boksen. Klipp dei akkurat like store som innsida av loket. Klipper du sirkelen for liten, dett han ut av loket og forsvinn inn i røyret.
  4. Teikn av eit stjerneteikn på papirsirkelen. Du kan òg klippe ut malen og lime han på pappsirkelen. Malen finn du i pdf-fila med oppskrifta på kikkerten.
  5. Bruk først ei nål og stikk hol i kvar prikk. Ta deretter ein spikar og stikk på nytt, slik at hola blir større.
  6. Merk sirkelen med kva som er opp og ned, slik at du seinare veit kva for veg sirkelen skal vere inni loket.
  7. Snu pappsirkelen og skriv på baksida kva stjernebildet heiter.
  8. Legg sirkelen riktig veg inn i loket. Teiknesida skal vende inn i røyret og namnet utover.

Stjernebildekikkert

Ein tom potetgullboks og papp er forvandla til ein stjernekikkert. Foto: Gro Wollebæk.

Slik bruker du kikkerten:

  1. Illustrasjon av bruk av stjernebildekikkert (Hovedtekstbilde)Foto: /ill.: Melkeveien designkontorLegg ein ferdig pappsirkel med hol inni loket.
  2. Set loket på røyret.
  3. Kikk inn i holet du har laga i botnen av boksen. Det kan vere lurt å vere i nærleiken av ein lampe eller eit vindauge så du får godt med lys. Ser du stjernebildet?
  4. Lag fleire sirklar med andre stjernebilde. Byt bildet inni loket. Lær deg dei forskjellige stjernebilda.
  5. Gå så ut om kvelden og sjå om du finn dei ekte stjernebilda på himmelen.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-2015.

 

Sist endret: 25.02.2015

facebook twitter email print
  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle