Snakkar med teiknspråk

Å trampe med begge beina betyr "Skal vi leike?". Sjimpansar bruker både lydar og kroppsspråk når dei vil seie noko.

Sjimpanse som spiser blad (Ingressbilde) Om ein sjimpanse riv blad opp i strimlar kan det bety: Flørt med meg! Foto: Picturepoint.no

Ei gruppe forskarar frå Skottland har vore i regnskogen i Uganda. Der har dei sett på korleis ville sjimpansar snakkar med kvarandre.

Lydane apane bruker, er ikkje ord, slik vi bruker dei. Sjimpansane bruker kroppen for å uttrykkje bestemte ting. Dei snakkar altså med eit teiknspråk, omtrent som teiknspråket menneske bruker.

66 ulike teikn

Forskarane klarte å skilje ut 66 ulike "teikn" med ei bestemt betydning. Å trampe med begge beina betyr for eksempel "Skal vi leike?", og å strekkje ut handa betyr at "Den vil eg ha!".

Første gong

Dette er første gong vi har klart å vise at dyr har eit språk som liknar på vårt. Viss vi studerer teiknspråket til sjimpansane, kan vi kanskje finne ut meir om korleis vårt eige språk vart til

Apanes teiknspråk: 

Ape med blad i munnen

"Flørt med meg ..." Rive blad opp i strimler. 

En stor ape viser frem fotsålen til en liten ape

"Klatre opp på ryggen min!" Vise fram den eine fotsolen.  

En ape dytter lett til en annen ape

"Flytt deg!" Gi ein lett dytt med handbaken.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-2015.