Kvifor blir ikkje gribbar matforgifta?

Gribben har eit dårleg rykte trass i at han er ein av reinhaldsarbeidarane i naturen.

Gribb (Medium caseimage)

Gribbane har ofte eit dårleg rykte, men dei utfører eit veldig viktig arbeid med å fjerne døde dyr og sørgje for at alle kjøttrestar kjem til nytte. Dei legg i seg rotne dyrekadaver med god appetitt til berre beingrinda ligg igjen.

Farlege bakteriar

Når vi tenkjer på det rotne kjøttet, innvolane og alt det andre gribbane får i seg, verkar det merkeleg at dei ikkje blir sjuke. I maten vrimlar det av farlege bakteriar, som ville ha gitt både oss menneske og dei fleste andre virveldyr matforgifting.

Giftig

For å finne ut korleis gribbane klarer å takle alle dei giftige bakteriane, har danske forskarar undersøkt bakteriane som finst på ansiktet og i tarmane til ulike gribbar. Nokre av bakteriane dei fann, er dødeleg giftige for oss og andre virveldyr.

Hjelper å fordøye

Forskarane fann ut at mage- og tarmsystemet til gribbane tek knekken på flesteparten av dei farlege bakteriane. Resten av bakteriane lever vidare i tarmsystemet og hjelper gribben å fordøye det rotne kjøttet. Dei fæle bakteriane er altså blitt til hjelparar for gribbane, og gribbane har utvikla evna til å tole dei.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-2015 

(FOTO: PICTUREPOINT.NO)