Den fantastiske nakenrotta

Kva trur du forskarane tenkte første gong dei møtte den austafrikanske nakenrotta? I alle fall ikkje at ho er eit superdyr som toler både farlege sjukdommar og gifter!

Nakenrotte (Medium caseimage)

Nakenrotta er ein skikkeleg raring. Ho liknar på ei lita rosa pølse med sabeltenner utanpå ansiktet. Og ingen kan seie at ho er særleg vakker. Men så held ho seg også for det meste ute av syne. Ho romsterer rundt i gangar og rom under bakken, saman med syskena sine. Men då forskarane begynte å undersøke nakenrotta nærmare, oppdaga dei at den vesle sabeltannpølsa ikkje berre ser spesiell ut. Ho er rett og slett heilt utruleg.

Lever forbløffande lenge

Nakenrotta er eit pattedyr, akkurat som mus, kattar, hestar og elefantar. Og blant dei fleste av desse dyra gjeld ein slags regel om alder: Dess større dyret er, dess lenger lever det. Dermed kan elefantar bli over 70 år, mens mus berre lever eit par år. Og nakenrotta er jo nettopp på størrelse med ei mus. Men ho lever slett ikkje i berre to år. Ho kan bli opptil 30! 

Verkar ung, er ein olding

Menneske merkar at vi er blitt eldre alt når vi er midt i livet. Du kan lett sjå at ein 50-åring er eldre enn ein person på 20. Og dei fleste på 80 er både skrukkete og krokete. Men slik er det ikkje med nakenrotta. Ho verkar heilt ung, nesten til ho døyr. Når nakenrotta er 27 – like gammal i livet sitt som eit menneske på 85 år – kan ho godt få barn eller rase rundt i springehjulet sitt som ein ungdom.

Får ikkje kreft

Noko av det mest fantastiske ved nakenrotta er at ho ikkje kan få kreft. Kreft betyr at eit lite område i kroppen plutseleg begynner å vekse vilt. Etter kvart kan kreften gro til store klumpar, som kan øydeleggje viktige delar av kroppen. Kreft kan drepe både menneske og mange dyr. Men altså ikkje nakenrotta!

Toler gift og mangel på luft

I gangane der nakenrottene lever, kan det vere lite oksygen å puste i. Men det toler dyra også forunderleg godt. Dei overlever faktisk heile 25 minutt utan oksygen! Og som om ikkje det var nok: Nakenrottene taklar giftstoff også. Forskarane har bada celler frå nakenrotta i dødelege dosar med mange typar gift. Men jammen overlever dei det også.

Tenk om vi kunne lære å bli litt meir som den fantastiske nakenrotta!  

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-2015 

(Foto: Picturepoint.no)