Blekksprut med verdensrekord

Ein fiolett djuphavsblekksprut har forbløffa havforskarar. Han er innehavar av to verdsrekordar: som den lengstlevande blekkspruten i verda, og det dyret i verda med lengst fosterutvikling.

Blekksprut (Ingressbilde) Denne blekkspruten har gitt eit fantastisk innblikk i livet på havbotnen. Foto: Monterey Bay Aquarium Research Institute

I 2007 studerte havforskaren Bruce Robison havbotnen utanfor California ved hjelp av ein fjernstyrt ubåt. På 1400 meters djup fekk han auge på ein fiolett blekksprut som kravla opp mot ein klippevegg der blekksprutar brukte å ruge. Ein månad seinare fann han igjen det same dyret. Han kjende henne att på arr på kroppen. Då vakta ho på ein klase med gjennomsiktige egg.

Kort liv

Blekksprutar lever vanlegvis i berre eitt til to år, trass i at dei er veldig avanserte dyr. Dei legg egg som dei vanlegvis vaktar i nokre få månader. Stor var derfor forundringa då denne blekkspruten framleis sat på same stad etter to år. Forskarane var einige om at det snart var slutt for blekkspruthoa, men gong på gong over dei neste månadene fann dei henne der – vaktande over egga sine. "Himmel og hav – ho er der enno!" utbraut Robison ofte. Først i oktober 2011, etter fire og eit halvt år, var ho borte. Berre 150 tomme eggeskal sat att. Vi veit ikkje om noko anna dyr som har ei så lang fosterutvikling, og ingen andre blekksprutar som lever så lenge. Det kan kome av det kalde vatnet i havdjupet, som får stoffskiftet til å gå saktare.

150 eggeskal frå blekksprut

Blekkspruten vakta over egga sine i fleire år. Først etter fire og eit halvt år var ho borte, og berre 150 tomme eggeskal sat att. Foto: Monterey Bay Aquarium Research Institute:

Ofra alt

På heile denne tida såg forskarane aldri at blekkspruthoa åt noko. Dei prøvde å gi henne krabbekjøtt, men ho ville ikkje ha. Det var riktignok nokre få krabbeskal rundt henne, så ho kan ha drepe og ete krabber som var ute etter egga hennar. Uansett er det tydeleg at ho ofra alt for ungane sine – slik mammaer ofte gjer.

Denne eine vesle blekkspruten har gitt oss eit fantastisk innblikk i livet på havbotnen, og vist at det er mykje igjen å forske på i havdjupet.  

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-2015