Likar ikkje jugl likevel

Du har sikkert høyrt det: Skjorer elskar alt som er blankt. Så snart dei får sjansen, stel dei smykke og sølv og slikt som skin. Men er dei svarte og kvite fuglane verkeleg så glade i glitter og gull som vi trur, eller er det berre tomme rykte?

24. apr 2015 06:00

Nyleg bestemte ein gjeng med engelske forskarar seg for å undersøkje nettopp dette. Dei sette i gang ein test med både skjorer i bur og skjorer i parken. Forskarane la ut ein haug med blanke skruar og andre skinande saker ved sida av eit fat med skjoremat. Ville fuglane som kom for å ete, bli interesserte i juglet?

Gav blanke

Ikkje det minste! Skjorene gav blanke i både skinande skruar og annan stas. Nokre av fjørdottane vart til og med redde for haugen med jugl. Kanskje er det berre bløff at skjorene er så galne etter gull?

Det kunne i så fall forklare eit aldri så lite mysterium: Viss skjorer er så glade i ting som tindrar, kvifor hengjer vi då opp blanke CD-plater når vi vil skremme fuglane bort?

Tegning av skjære som ser vekk fra en samling med smykker og skinnende ting

Illustrasjon: Melkeveien designkontor

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-2015