Dritgammal do
Kven er interessert i å undersøkje eit lass med fleire hundre år gammal drit? Forskarar så klart!
I ei gate i Trondheim har kommunen skifta ut gamle vassrøyr og kummar. Arkeologen Julian P. Cadamarteri var med arbeidarane då dei grov rundt kummane. Han skulle undersøkje kva dei fann nede i bakken, og passe på at ingen verdifulle skattar vart øydelagde. Cadamarteri fann verken gull eller diamantar. Berre masse gammal drit.
Utedo
I bakken ved den eine kummen skjulte det seg nemleg ein eldgammal latrine. Det er ein slags utedo som i gamle dagar også vart brukt som søppelplass. I doen var det bitar av keramikk frå midten av 1700-talet. Her gjekk altså folk på do for meir enn 250 år sidan.
Halv meter med bæsj
Keramikken var i bitar, men ikkje heilt øydelagd. Julian Cadamarteri meiner det er fordi han har lege ganske mjukt. Nedst i doen låg det nemleg framleis ein halv meter med eldgammal bæsj!
Verdifull drit
For arkeologane kan gamle latrinar vere ganske spennande. Søppelet som vart kasta i doane, kan seie mykje om korleis folk levde før i tida. Ved å undersøkje bæsjen kan forskarane finne ut kva folk åt, og kva slags sjukdommar dei hadde. Kanskje kan gammal drit vere verdifull likevel?
Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-2015.
Relaterte artikler
- Dataspill mot fantomsmerter (08.02.2018)
- Møt en forsker: Historiker Hilde Leikny Sommerseth (29.01.2018)
- Hva betyr helleristningene? (23.01.2018)
- En hund etter reggae (11.12.2017)
- Hvorfor kan kunst bli så verdifullt? (01.12.2017)
- FN-dagen (16.11.2017)
- Fin musikk gir ståpels (15.11.2017)
- Svimlende verdier: Fotballspillere (25.10.2017)
- Ut i naturen (20.10.2017)
- Hadde Norge vært fattig uten olje? (12.10.2017)
- Norge – et av verdens rikeste land (18.09.2017)
- Hamburger-økonomi (15.09.2017)
- Cybergull: Hva er Bitcoin? (13.09.2017)
- Gull verdt eller null verdt (28.08.2017)
- Kor mykje er eit dyreliv verdt? (28.08.2017)
- Pengenes verdi (28.08.2017)
- Farlige rykter (25.08.2017)
- Lær deg å snakke som en politiker (14.08.2017)
- Hvor går grensen før folk reagerer på stygt språkb ... (26.07.2017)
- Kongen ville utrydde alle hekser (23.06.2017)
- Flere relaterte artikler